Kyrkjebygda oppvekstsenter

Om skulen

Kyrkjebygda oppvekstsenter er ei oppveksteining med skule (1. til 7. klasse), sfo og barnehage i same bygning, og vi har felles leikeområde. 

Skulen ligg i Kyrkjebygda sentrum. Frå skuleområdet er det fantastisk utsikt utover vatnet og Fjonesida.

Skulen har eit flott skuleområde med fotballbane, Petterpulsløype, sandvolleyballbane, skatepark, aktivitetspark og ballbinge. På vinterstid blir det køyrt opp ei skiløype på 500 meter i skulegarden. 

Skulen nyttar seg også av nærområda som mellom anna Framnesbukta, Torgrimsfjell, Hildabu og Vikodden.

RektorTone Straand
LærarKari-Anne Nordbø
LærarBent Arve Brattås
LærarAnne-Nora Oma Dahle (permisjon)
LærarEven Holskar
LærarJannicke Lomheim
LærarTherese Eilefsen
SFO-fagarbeiderTorgunn Hovland Tveit
SFO-assistentLucie Anderssen

Skuleveka for 1.-7. klasse, måndag, tysdag, torsdag og fredag

Kl. 08.20-09.501. og 2. time 
Kl. 09.50-10.00Pause 
Kl. 10.00-10.453. time
Kl. 10.45-11.30Mat og storefri
Kl. 11.30-13.004. og 5. time 
Kl. 13.00-13.05Pause
Kl. 13.05-13.506. time for 5.-7. klasse og leksehjelp for 1.-4 klasse
Kl. 13.50Skule ferdig, drosje heim, sfo byrjar

Skuleveka for 1.-7. klasse, onsdag

Kl. 08.20-09-501. og 2. time 
Kl. 09.50-10.00Pause 
Kl. 10.00-10.453. time
Kl. 10.45-11.30Mat og storefri
Kl. 11.30-12.154. time
Kl. 12.15-13.005. time for 5.-7. klasse, leksehjelp for 1.-4. klasse

LeiarVårin Winther Pettersbakken
NestleiarNils Gunnar Stokstad Grønstein
SkrivarOdd Magnus Øigarden
Vara/medlemSenn van der Veen

Alle foreldre som har barn i skulen, er medlem av skulens foreldreråd. Foreldrerådet vel eit arbeidsutval (FAU) som er foreldrestemma for skulen.
FAU skal blant anna sikre reell medverknad frå foreldre og ha medansvar for at elevanes læringsmiljø er trygt og godt.

FAU-leiarJohan Granqvist
NestleiarIngjerd Stokstad Grønstein
MedlemGeir Halvor Volline
MedlemAnne Lene Fjone Madsen

Samarbeidsutvalet er skulen øvste rådgjevande organ der alle partar av skulen er representert. 
SU har rett til å uttale seg om/ i alle saker som gjeld skulen.

Foreldrerepresentant for skuleJohan Granqvist
Foreldrerepresentant for skuleIngjerd Stokstad Grønstein
Foreldrerepresentant for barnehage - leiarRebekka Lauvdal
Foreldrerepresentant for barnehageFelicia Batt-Rawden
Representant for tilsette i barnehagen - nestleiar SUMarianne B. Odden
 Representant for tilsette i barnhagenKari Eikåsen
ElevrepresentantVårin Winter Pettersbakken
ElevrepresentantNils Gunnar Stokstad Grønstein
Representant for tilsette i skule Even Holskar
Representant for andre tilsetteTorgunn Hovland Tveit
Representant for tilsette i kommunen (referent)Tone Straand
Politisk representantStein Skåli

Skulemiljøutvalet har i oppgåve å sikre at skulen har eit systematisk arbeid for å få eit godt skulemiljø. SMU skal vere eit rådgjevande organ for skulen i saker knytta til dette.
Det er skuleeigars og rektors ansvar at alle rådsorgana blir oppretta og fungerer i samsvar med reglane i opplæringslova.

Som SU, pluss representant for elevane: Odd Magnus Øigarden

Lag og organisasjonar kan leige lokale i oppvekststenteret ved å sende ein søknad til rektor. 

Ordensreglar

Låntakaren er ansvarleg for låsing av bygningen etter bruk. Dører og vindauge sjekkast ved låsing.

Lånetakaren skal rydde og tørrmoppe lokala etter bruk. Dette gjeld sjølv om lokale skal nyttast av andre etter eigen bruk.

Låntakaren har berre høve til å låne dei romma det er gjort avtale om. Låntakar må sjå til at andre rom er avlåste. 

Låntakar skal sørge for at det er alltid er ein person over 18 år til stades.

Lys vifter o.l. må alltid slåast av etter bruk.

Ingen har høve til å til å bruke datamaskiner, instrument, lydutstyr og liknande utan å ha gjort avtale om dette.

Eventuelle skadeverk må meldast til kommunen ved teknisk eining, snarast råd. Samtidig må det gå ei melding til skulen. Låntakaren er økonomisk ansvarleg for skadeverk.

Ekstra reinhald i samanheng med utlåne av lokale, vil bli fakturert låntakaren.

Til alle idrettsaktivitetar skal det nyttast egna innesko som ikkje set merke i golv. Der er ikkje lov å bruke handballklister.

Leigetakarar har plikt til å gjere seg kjend med rømningsvegar, samleplass, slokkeutstyr, brannalarmanlegg og varslingsrutiner. 

Leigetakar har plikt til å møte på brannøving når dette vert arrangert.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?