Borgarleg vigsel

Kommunen har ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Noreg.

Ordførar og varaordførar er mellom dei som har mynde til å vigsle eit brurepar. Men kommunestyret kan i tillegg velje andre tilsette eller folkevalde i kommunen.

Ta kontakt med oss for å få vite kor og når det er mogleg å gifte seg.

Vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som må vere oppfylte for at ein skal kunne gifte seg. Sjå kapittel 1 i ekteskapslova Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Pris

Tilbodet er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.

Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Dersom du ikkje bur i kommunen du skal gifte deg i, og den som vigslar deg ikkje er fra din kommune kan det medføre kostnader. Det får du vite når du tek kontakt.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?