Rekruttering og tilsetting

Velkomen til Nissedal kommune!

Vi er alltid på jakt etter dyktige og engasjerte medarbeidarar som ønskjer å vere med på å utvikle og styrke lokalsamfunnet vårt.

For å møte utfordringar med rekruttering og turnover, har kommunen utarbeidd ein plan for å rekruttere behalde tilsette.

Målet er å gjere Nissedal kommune til ein attraktiv arbeidsplass, både for eksisterande tilsette og for ny kvalifisert arbeidskraft. Planen inneheld konkrete tiltak for trygg leiing, fagleg utvikling, sosialt miljø, velferdsordningar og rekrutteringsprosessar.

Her kan du laste ned "Plan for å rekruttere og behalde i Nissedal kommune" Pdf, 103 kB, åpnes i nytt vindu.

Kort om tilsettingsprosessen

Ledige stillingar

Vi lyser ut ledige stillingar fortløpande. Du kan finne oversikt over alle våre ledige stillingar på vår jobbportal. Vi oppmodar deg til å søke på dei stillingane som passar dine kvalifikasjonar og interesser.

Slik søkjer du

For å søkje på ei stilling hos oss, må du registrere deg i vårt rekrutteringssystem, Webcruiter. Her kan du laste opp CV, søknad og relevante vedlegg. Vi legg vekt på ryddige og velformulerte søknadar, og alle søkjarar vil få svar på søknaden sin.

Rekrutteringsprosess

Vår rekrutteringsprosess er grundig og profesjonell. Den består av følgjande steg:

  1. Utlysing av stilling: Vi lyser ut stillingar på vår nettside og andre relevante plattformer.
  2. Søknadsbehandling: Vi går gjennom alle innkomne søknadar og vurderer dei opp mot stillingskrava.
  3. Intervju: Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Her får du høve til å presentere deg sjølv og lære meir om stillinga og kommunen.
  4. Referansesjekk: Vi kontaktar referansane dine for å få eit betre bilete av dine kvalifikasjonar og erfaringar.
  5. Tilbod om stilling: Dei beste kandidatane får tilbod om stilling. Vi legg vekt på å gi god informasjon og oppfølging gjennom heile prosessen.

Dersom du blir kalla inn til intervju er det fint om du tek med deg kopi av vitnemål og attestar.

Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

Lønsansiennitet

Lønsansiennitet blir fastsett ved tilsettingstidspunktet og blir rekna ut etter innleverte kopiar av vitnemål og attestar.
Dato settast til den 1. i månaden med bakgrunn i det antall år og månadar som godskrivast i lønsansienniteten. 
All tidlegare erfaring må dokumenterast. 

Dersom du leverer attestar/vitnemål i ettertid, vil den nye ansienniteten gjelde frå den 1. i månaden etter at me har motteke ny dokumentasjon. 

Ansiennitetsreglane er regulert av Hovedtariffavtala § 12. 

Fann du det du leita etter?