Miljøfyrtårn og klimaarbeid
Nissedal kommune er i ein prosess med å bli miljøfyrtårn-sertifisert, og jobbar aktivt for å bli meir berekraftige og miljøvenlege i både drift og tenesteutøving.
Samfunnsdelen av kommuneplanen til Nissedal kommune (2020 - 2031) har eit eige punkt om Berekraftig samfunnsutvikling, som arbeidet med miljøsertifiseringa byggjer på.
Kommunane er nøkkelaktørar for å realisere ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei er nærast befolkninga, lokale verksemder og organisasjonar, og samstundes ansvarlege for mykje av den sosiale og fysiske infrastrukturen som påverkar levekåra og utviklingsmoglegheitene til befolkninga. Å vidareutvikle Nissedal som eit berekraftig velferdssamfunn der det blir skapt verdiar og arbeidsplassar inneber å balansere ønskje om større aktivitet med berekraftige rammer. Vekst i reiseliv og meir bruk av fritidsbustader gir grunnlag for lokal vekst og arbeidsplassar, med utvikling av infrastruktur og tenestetilbod som også er til nytte for fastbuande. Fritidsbustader inneber samstundes meir utbygging, transport, ferdsel og slitasje i natur- og friluftsområde.
Hovudmål 3 i planen seier at Nissedal tek miljø- og klimautfordringane på alvor.
I undermål 3.3.1 seier me at:
i Nissedal skal det vere like naturleg å ta omsyn til berekraftsperspektivet som kost/nytteperspektivet, både i dagleg tenesteproduksjon og i større strategiske val.
Dette betyr att:
- Me innarbeider klima- og miljøomsyn i interne reglar for innkjøp
- Me aukar innkjøpskompetanse og bevisstgjering
- Me i all kommunal verksemd legg oss på minst same krav som hushaldningane har
- Me har fokus på å redusere energiforbruk i alle kommunale bygg
- Me gjennom regional klimaplan for Vest-Telemark kartlegg potensialet for å redusere klimagassutslepp
- Me ser til at endra arealbruk langs vatn og vassdrag ikkje får negativ påverknad på vassmiljøet
I undermål 3.3.2 seier samfunnsdelen at i Nissedal formidlast kunnskap og haldningar som fremjar eit berekraftig samfunn.
Det betyr at:
- Me sørger for informasjon til innbyggjarane om enkle energisparetiltak
- Me set miljø og klima på dagsorden både i barnehage og skule
- Me aukar eigenkompetanse om berekraftige val
- Me deltek i, - og skapar, arenaer for kunnskapsformidling og gjennomføring av tiltak
- Me ser arbeidet med kulturmiljø, kulturlandskap og kulturminne i samanheng med ei berekraftig samfunnsutvikling
I undermål 3.3.3 seier planen vidare at i Nissedal stillast vasskrafta til disposisjon for ein klimatilpassa produksjon av fornybar energi til fellesskapet.
Dette betyr at:
- Me ønsker meir utnytting av vasskrafta, både i form av meir effektiv produksjon og ny kraftutbygging
- Me ved revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsregulantar inkluderer klimatilpassing
I undermål 3.4.3 seier planen at i Nissedal utviklast ei berekraftig hytteutbygging.
Dette betyr att:
- Me skal ha ei god utnytting av områda som er avsett til hytteutbygging
- Me profilerer kommunen som ein hyttedestinasjon med kort transportveg frå dei store befolkningsområda
- Me gjennom ein heilheitleg VA-plan synleggjer utfordringar og løysingar innan vassforsyning og avløpshandtering
- Me satsar på utbygging av kommunalt vass- og avløpsanlegg, og stiller krav om tilkopling
- Me har gode renovasjonstenester for hytter
- Me gjennom næringsstrategiar satsar på verksemder som gjev kortreiste varer og tenester
- Me lokaliserer all utbygging til område sikra mot natur- gitte farar (flaum, skred, ras, radon m.m.)
På denne sida vil vi etter kvart dele informasjon om:
- Tiltak vi gjennomfører for å redusere Nissedal kommune sitt klimaavtrykk
- Klimaregnskap og anna relevant statistikk
Informasjonen blir oppdatert jamleg og skal vise både status og utvikling i arbeidet vårt med klima, miljø og arbeidsmiljø.
Spørsmål eller innspel
Dersom du har innspel eller spørsmål til dette arbeidet, ta gjerne kontakt med Gunhild Austjord på e-post gunhild.austjord@nissedal.kommune.no
NISSEDAL KOMMUNE