Jettegrytene

Jettegrytene ligg i eit naturområde og er ein del av eit regulert vassdrag.

Vasstand
Å Energi ønskjer å informere om at vasstanden kan endre seg frå time til time. Opphald og bading skjer derfor på eige ansvar.

Nissedal kommune har ikkje informasjon om vasstanden.

Bomavgift og parkering

Vegen er ein privat bomveg, og det kostar 100 kr per passering. Dersom veglaget ikkje får inn pengar til å drifte vegen, er det vanskeleg å halde vegen i forsvarleg stand.

Vippsnummer til Espestøylvegen vegforening er 113586

Det er tre alternative parkeringsplassar, og betalingsordningar for desse er skilta på staden.

Til fots eller sykkel

Du kan sykle inn til jettegrytene. Om du vel å gå, så kan du ta snarvegen under tømmerrenna (det er forbod mot å gå oppe i tømmerrenna då den er i farleg å gå i), eller gå vegen rundt.

Stien under tømmerrenna er ikkje godt merka, går delvis i ulendt og krevjande terreng, og er difor ikkje eigna for ungar under skulepliktig alder eller folk med barnevogner. Bruk solid fottøy, t.d. fjellsko, solide joggesko o.l.

Frå Dynjanfoss kraftstasjon og inn til jettegrytene er det:
- ca. 7 km med sykkel
- ca. 2 km til fots under tømmerrenna (ta til høgre ved parkeringa rett etter brua ved Dynjanfoss kraftstasjon).

NB! Det kan vere svært glatt på fjellet rundt jettegrytene. All ferdsel på eige ansvar!

Jettegrytene

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?