Folkehelseinstituttet anbefalar at alle som mistenker at dei er smitta skal testast. Dei vanlege symptoma er hoste, feber, tungpusthet, tap av smak- eller luktesans, sår hals eller sjukdomsfølelse. 

Viss du har symptom på luftvegsinfeksjon oppfordrar vi til at du testar deg, og at du held deg heime. Om du har testa negativt anbefalast det likevel å ikkje bevege seg ute meir enn nødvendig før ein er frisk.

​For retningsliner til korleis du skal forhalde deg dersom du sit i karantene, isolasjon eller er i nærkontakt til sjuk/karantene sjå informasjon på www.fhi.no

Hurtigtest/ sjølvtest

Det er framleis viktig å teste seg – men dette gjeld kun om du har vore i nærkontakt med smitta, har symptom på smitte, eller er mistenkt smitta. 

Du kan få test på legekontoret måndag til fredag kl. 07:45 – 15:00 ved å henvende deg i vindauga ved ambulanseinngangen, telefon: 35 04 84 20. 

Hurtigtestar kan også kjøpast på apoteket om ein ynskjer å ha heime. 

Viss du får positiv hurtigtest heime

• Gå i isolasjon straks
• Informer nærkontaktar dine om at dei kan ha vore utsett for smitte
• Ta kontakt med Hild Riseth Fjone på mobil: 40 48 08 77

Les meir her: https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/til-deg-som-har-tatt-koronatest/

PCR-testing

Legekontoret gjennomfører testing måndag til fredag kl. 11.00.

Ring legekontoret for å avtale tid for testing. Telefon 35 04 84 20.