Måndag 27.04. får vi endeleg lov til å opne skulane igjen, i første omgang for alle elevar 1.-4. klasse og SFO. Vi gler oss veldig til å sjå elevane våre att, og vi er trygge på at med godt samarbeid med heimen kring smitteverntiltaka som har kome frå regjeringa, vil skulane vere trygge for både vaksne og elevar. Rettleiinga er veldig tydeleg og bra, slik at vi har fått ein god reiskap til å klare dette viktige oppdraget. Rettleiaren gir gode råd, men samtidig rom for lokale tilpassingar. Retningslinene vil kunne endre seg, og vi forheld oss fortløpande til informasjonen som kjem frå Regjeringa og Utdanningsdirektoratet. Rettleiaren finn du her: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/smittevernveileder/skoletrinn-1-7/

Skulen skal vere ein trygg stad å vere. Det betingar at det ikkje skal vere sjuke barn eller vaksne i skulane. Vi skal syte for at ingen av dei tilsette møter opp sjuke, de må syte for at ingen elevar møter opp sjuke. Men kva er sjuke barn? Rettleiinga frå regjeringa seier at barn og tilsette kan møte på skulen når dei ikkje har symptom på sjukdom. Sjølv milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle betyr at ein ikkje kan møte på skulen, og dei må vere heime til dei har vore symptomfrie i eit døgn. Dersom eit barn eller ein tilsett blir sjuk i løpet av dagen, må dei reise heim så fort som mogleg. Vi har klare retningsliner på korleis vi forheld oss i slike tilfelle, fram til det sjuke barnet blir henta, og med reingjering etterpå.

Det kan vere vanskeleg å vurdere «milde luftvekssymptom», men vi må heller være for strenge og bli heime ein dag ekstra, eller sende heim ein elev for mykje, enn å vere for «snille» og risikere at andre blir smitta.

Dersom du som forelder har symptom som beskrive over, skal du heller ikkje hente eller levere på skulen. Dersom ein i husstanden har symptom på luftvegsinfeksjon, men ikkje har påvist covid-19, kan eleven møte på skule og SFO som normalt.

Dersom ein elev, forelder eller tilsett får påvist covid-19, er det legen som kartlegger kven som skal vere i karantene og isolasjon, og lengda på dette.

Redusert kontakt mellom menneskje er eit viktig element i rettleiinga, og derfor vil vi fordele oss over større areal enn vanleg og dele opp SFO.  Elevane skal ha ulike oppmøtestader etter kva gruppe dei er på. Oppmøtestad vil de få nærare beskjed om frå kontaktlærar.

Rutinane for smittevern blir hengt opp i alle klasserom og på SFO. Desse ligg vedlagt brevet.

Desse retningslinane gjeld for heimen, og er viktig at alle forheld seg til:

  • Det er ikkje tillate for elevar å ha med leiker eller liknande heimanfrå
  • Det er ønskjeleg at elevane har spist frukost heime før dei kjem i på SFO om morgonen
  • Lunsj, frukt og drikke må vere medbrakt, både til skule og SFO. Elevane kan fylle vatn i flasker på skulen. Det er usikkert når det blir levering av skulemjølk igjen.
  • Foreldra skal helst ikkje bli med elevane inn på skulen/SFO. Dersom du må bli med inn, må du vaske hendene dine grundig
  • Viktig med beskjed til kontaktlærar dersom eleven ikkje kjem på skulen
  • Det er viktig at de er lojale mot nasjonale retningsliner for å forhindre spreiing til skulane og kommunen vår

Vi skal gjennomføre undervisning så godt det let seg gjere, men både regjering og utdanningsdirektoratet har senka krava til gjennomføring i denne tida. Vi gjer så godt vi kan!

Det vil bli lagt opp til mykje uteaktivitet både i skule og på SFO, så ha med godt med utetøy og skift.

Utviklingssamtalar i vår skjer via telefon eller liknande.

I denne tida slutter skuledagen etter siste undervisningstime. Det blir ikkje lekser eller leksehjelp. Dersom du treng SFO i tida frå siste time og til bussane går (der det er eit gap) må du gje beskjed. Dette tilbodet er gratis.

Nå som skulane opnar for 1.-4. klasse gjeld ordinær opplæringsplikt for desse elevane. Det betyr at alle friske elevar skal møte på skulen kvar dag. Dersom du meiner at ditt barn er i risikogruppa, og ikkje kan møte på skulen, må du ha ei legeerklæring som dokumenterer dette. Dersom du ikkje har ei slik legeerklæring, men ikkje ønskjer å sende barnet ditt på skulen, må du skrive ut eleven frå skulen og sende melding til kommunen om at du startar opp med heimeundervisning. Heimeundervisning inneber at heimen tek over ansvaret for opplæringa for sitt barn, med lovpålagte tilsyn frå kommunen. Ta kontakt dersom du har spørsmål om kva som ligg i dette. 

Elevar som kommer i karantene vil igjen ha rett på fjernundervisning, slik det har blitt gitt den siste tida.

Det er sagt i rettleiinga at bruk av offentleg transport avgrensast i så stor grad som mogleg. SMS om dette er sendt ut til alle føresette i dag. Fint om de som har sjans bringer og hentar elevane i størst mogleg grad.

Særleg om SFO:
SFO vil i denne perioden ha ein noko redusert opningstid, slik at vi kan ha gjennomføre delinga av grupper på forsvarleg vis.
SFO opnar derfor kl 07.45 og stenger kl 16.15 i denne perioden. 

Foreldrebetalinga på SFO startar opp att frå 27.04. Matpengar er trekt ut, men elles er det ordinær pris som gjeld, til tross for ei noko redusert opningstid.
For å få til god deling og rett bemanning til rett tid SFO treng vi å ha oversikt over kor mange barn som kjem til dei ulike tidspunkta. Vi treng beskjed seinast kl 12 kvar torsdag (kl  9 fredag denne fyrste veka) på behov komande veke til Marit på Tveit (408 28 099/35048485) eller Even (473 01 017) på Kyrkjebygda. Dersom det er mogleg, er det fint om de avgrensar bruken av SFO i denne tida.

Snakk gjerne med elevane om at skuledagen og SFO  blir litt annleis enn dei er vande med. Det blir ulike tidspunkt for friminutt og dei kan ikkje leike med andre enn dei i si gruppe. Sjå gjerne denne filme saman:  https://vimeo.com/409671941 

Men ver trygge på at ungane dykkar vil få omsorg og trøyst på skulen. Den tida vi er på jobb, er vi der for elevane, på lik line som alltid. Ingen elevar skal oppleve å bli halde på armlengdes avstand, dei skal føle seg trygge og ivaretekne når dei er på skulen. Men vi skal syte for at det er trygt for elevar og vaksne i form av gode rutinar på smittevern.

Lykke til med oppstart for store og små!

Nøl ikkje med å ta kontakt ved spørsmål.

Viktige smittevernsreglar for Nissedalsskulen kan du lese her.

 

Med helsing

Reidun Caral Retterholt
Einingsleiar for skule