Eining for teknisk drift i Nissedal kommune søkjer etter tilkallingsvikarar på reinhald. Ønskjer du eller kjenner du nokon som kunne tenke seg å vere tilkallingsvikar, så ta kontakt med reinhaldsleiar Torbjørg Johansen – mob. 948 21 006, eller einingsleiar for Teknisk drift Kristin K. Vaa - mob. 905 39 498.

Reinhalderane i Nissedal kommune jobbar i team på to og to, og rullerar mellom alle bygg som eininga har ansvar for reinhald av.

Krav til søkar:

  • Serviceinnstilt
  • Effektiv
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Beherske norsk
  • Ha sertifikat (kl.B)
  • Må ha tilgang på bil som kan nyttes i jobben

Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement.

Send søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 20.06.2021