Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Transportordninga for funksjonshemma (TT-ordning)

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Er du funksjonshemma og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.

    Gjevast til personar mellom 12 og 67 år, som har sterk og varig forflyttings- og/eller orienteringshemming. Dersom ein har fått brukartillatelse før fylte 67 år, vil denne automatisk fortsette etter 67 år (med mindre det skjer endringar i brukarstatus, sjå retningslinenes pkt. 11.) Blinde eller sterkt svaksynte og/eller permanent rullestolbrukarar kan bli vurdert som tt-brukarar også etter fylte 67 år. Brukargodkjenning krev gyldig legeerklæring på at ein er sterkt og varig forflyttings- og/eller orienteringshemma.

    Kriterium/vilkår

    Du kan vanskeleg nytte det ordinære kollektivtilbodet i kommunen. 

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    Samarbeidspartnarar

    Samferdselsdepartementet har pålagt alle fylkeskommunane å organisere ei ordning med tilrettelagd transport.

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Denne tenesta er ikkje lovpålagd. Sjå fylkeskommunale retningsliner.

    Lover

    Forvaltningsloven

    ___
  • Skjema

    Skjema

    Tilrettelagt transportordning

    Vedlegg

    Legeerklæring

    Passfoto

  • Saksbehandling

    Saksbehandling

    Fylkeskommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til fylkeskommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

    Klagemulighet

    Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Tenestekontor
    Telefon:35048560
    Epost:tenestekontoret@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2022-12-20 11:23
    Gyldig fra
    2019-01-08
    Gyldig til
    2019-12-31