I Nissedal kan du slappe av på kilometerlange sandstrendar langs Nisser, bade i jettgrytene ved Eikhom, eller ta med familien på ein dag på Z-museum eller på ein av dei mange toppturane i kommunen. På Fjone finn du nokre av Europas beste klatrefjell, og overalt finn du flotte turløyper og fine fiskevatn som ventar på deg.

Turistkontor

Turistkontoret i Nissedal finn du i Treungen sentrum på Treungen Sport & Fritid.

Veit du ikkje heilt kva du skal gjere i Nissedal Kommune? Kom innom så kan me vise deg alt me har å tilby. 

Me har og sykkelutleige til 100 kroner dagen, 150 kroner for eit døgn.

Her får du gode råd og hjelp til det meste; 

  • kjøp av fiskekort og informasjon om kor fisken bit
  • finne det husværet du er ute etter
  • råd og tips om kva som er verdt å sjå på og å gjere
  • hjelp til å legge opp rundturar
  • brosjyrer og anna skriftleg materiell om bygda, Telemark, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet

Her finn også du mykje nyttig informasjon:

Overnatting

  • Tjørull campinghytter - Tjønnefoss
  • Haugsjåsund familiecamping - Haugsjåsund
  • Treungen hytteutleige - Treungen
  • Saga camping - Treungen
  • Tveitsund Fisk og Ferie - Treungen
  • Elgen Gjestehus - Gautefall
  • Sandnesodden Camping - Fjone
  • Nisser hyttegrend og camping - Fjone
  • Søstrenes Wiks hytteutleige - Fjone
  • Nes gard - Kyrkjebygda
  • Kyrkjeneset Camping - Kyrkjebygda
  • Søftestad Camping - Kyrkjebygda
  • Vik camping - Nordbygda
  • Sandvin Camping - Nordbygda

Z-museum

Her finn du meir informasjon om Z-museum: http://www.z-museum.no/no/

Idrettsanlegg

  • Fotballbane og kunstgrasbane - Treungen IL - Treungen
  • Beachvolleyballbane - Treungen IL - Treungen
  • Fotballbane, ballbinge, skatepark, aktivitetspark - Nissedal IL - Kyrkjebygda
  • Felle idrettsbane - Felle IL - Felle

Skiløyper og alpinanlegg

  • Skiløyper på Gautefall
    Heilårs biathlon-anlegg på 4,3 km for ski, rulleski og skiskyting. 
    Fleire oppkøyrde langrennsløyper innover heia. 
    Søk opp Gautefall løypelag på Facebook for meir informasjon
     
  • Gautefall skisenter
    16 nedfartar i ulike vanskegradar. 
    Hotell, overnatting og restaurantar.
    Gautefall biatlon og langrennsløyper rett ved alpinanlegget.
     
  • Skiløyper på Kyrkjebygdheia
    60 km oppkøyrde løyper.
    Bomveg (kortbetaling)
    Friviljug løypeavgift.
     
  • Kyrkjebygdheia skisenter
    Skisenteret ligg på vegen opp til Kyrkjebygdheia. 
    Spennande familiebakke for alpin.
     
  • Skibakke i Nordbygda
    Familievenleg skibakke som er open når det er nok sno. 
     
  • Alpinbakke i Treungen
    Familievenleg skibakke som er open når det er nok sno. 
    Søk opp Treungen idrettslag på Facebook for meir informasjon.
     
  • Skiløyper på Felle
    45 km oppkøyrde langrennsløyper. 
    Løypenettet på Katerås og Felle er knytt saman. 
    Vedlausfjell og Slokedalsfjell løypelag har omtrent 20 km. løypenett.
     
  • Fjone høgfjell
    9 km lang rundtur. Skilta opp til toppen og P-plass.
    Løypeavgift

Smøretips og skihotell hjå Treungen Sport og Fritid.

Fisking

Her kjem gode fisketips frå Arne Roar på sporten:

Fiskekart over Gautefallområdet og fiskekort kan kaupast på sporten og på Best. Husk fiskekort.
Det er gode fiskevann i området ved Blekavarden, og det er fleire måtar og ta seg inn til området. Du kan parkere ved den lange skiparkeringen som ligg 1 km før Gautefall hotell, og gå deretter opp på fjellet. Det gjeng også å gå inn fra toppen av skiheisen.

Det er enklare adkomst til Heimdalsheial. Køyr inn inn bomvegen til Lonevatn og Husvatn. Hugs bompengar, kr 50. 
Dette er eit ypperleg utgangspunkt for både fisketurar og terrengsykling. 
Anbefaler fiske i desse vatna for familier. Mye fisk, men ikkje så stor fisk.
For dei som er ute etter litt storleik på fisken anbefalast Berghyl og Teilagsvatn. Hugs fiskekort. 
Stisykkelkartet over Heimdalsheia er også eit veldig bra kart for fiskarar, og kartet kan du kjøpe på sporten. 

Fiskekort på Nesheia, Nordbygda og Kyrkjebygda kan du få kjøpt her

Her finn du informasjon om fisking på Felle, Felle Fiskelag

Hyttefelt

I Nissedal har me mange flotte hyttefelt. I vedlagt kart er det laga ein oversikt.

Kartet kan lastast ned her