I Nissedal kan du slappe av på kilometerlange sandstrendar langs Nisser, bade i jettgrytene ved Eikhom, eller ta med familien på ein dag på Z-museum eller på ein av dei mange toppturane i kommunen. På Fjone finn du nokre av Europas beste klatrefjell, og overalt finn du flotte turløyper og fine fiskevatn som ventar på deg. Vil du sykle deg gjennom Nissedal, er den gamle jernbanelina mellom Treungen og Åmli ein nydeleg tur!

Turistkontor

Turistkontoret i Nissedal finn du i Treungen sentrum på Treungen Sport & Fritid.

Veit du ikkje heilt kva du skal gjere i Nissedal? Kom innom så viser me deg alt me har å tilby. 

Me har og sykkelutleige!

Her får du gode råd og hjelp til det meste: 

  • Kjøp av fiskekort og informasjon om kor fisken bit
  • Finne det husværet du er ute etter
  • Råd og tips om kva som er verdt å sjå på og gjere
  • Hjelp til å legge opp rundturar
  • Brosjyrer og anna skriftleg materiell om bygda, Telemark, Vestlandet, Sørlandet og Austlandet

Her finn også du mykje nyttig informasjon: