Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Status 25.05.20:

Ingen bekrefta smitta per i dag.

Les meir her

Ulykkesforsikring for elevar

  • Generelt om tjenesten

    Tenesteomtale

    Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Forsikringa skal gje dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet. Forsikringssummen ved varig medisinsk invaliditet er fem gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og ved død 1 G.

    Målgruppe

    • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
    • Lærlingar og lærekandidatar

    Forsikringa gjeld ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne eller born i skulefritidsordninga.

    Kriterium/vilkår

    Forsikringa gjev eleven dekning for ulykkesskade som har hendt 

    • på skulen i skuletida
    • på veg mellom heim og skule
    • under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet og på veg mellom heim og arbeidsplass 
    • under transport, skuleturar, idrettsdagar, leirskular og liknande som skulen er ansvarleg for 
    • under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den staden der aktiviteten skjer
       

    For elevar ved internatskular gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skulen, men ikkje i feriar og liknande fråvær.

    Forsikringa kan gjere unnatak frå dekninga når årsaka til skaden er

    • forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
    • infeksjon eller stikk/bit av insekt 
    • smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde
    • psykiske skadar

    Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende

    aaa
  • Lover og forskrifter

    Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Eleven har dei same rettane ved eit forsikringsoppgjer som andre forsikringstakarar. Sjå forsikringsavtaleloven del B om personforsikring og forskrift til opplæringslova kap. 8 Ulykkesforsikring for elevar.

    Lover

    Forsikringsavtaleloven

    Forskrifter

    Forskrift til opplæringslova

    Retningslinjer

    Ulykkesforsikring for elever, lærlinger og lærekandidater

    ___
  • Skjema
  • Saksbehandling
  • Kontaktinformasjon

    Kontaktavdeling

    Avdeling:Eining for skule
    Telefon:35048400
    Epost:postmottak@nissedal.kommune.no
    Postadresse:Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Kontaktpersoner

    Navn:Roger Steinbakk
    Tittel:Einingsleiar
    Telefon:35 04 84 07
    Mobil:41 12 99 14
    Epost:Roger.Steinbakk@nissedal.kommune.no
  • Andre opplysningar
    Oppdatert:
    2018-12-14 15:06
    Gyldig fra
    2012-12-24
    Gyldig til
    2019-12-31