«TANKEVIRUS»
Tankevirus er ein premiert metode (Helseprisen 2016) som blir retta mot førebygging og tidleg behandling av lette til moderate psykiske plager. Tankevirus er basert på normalpsykologi og grunnprinsipp frå metakognitiv og kognitiv åtferdsterapi, og beskriv logiske feilslutningar som ulike "tankevirus" som kan bli kan behandla med "psykologiske vitamin." (les meir på www.tankevirus.no)
Tankevirus er eit kurs for deg som ønsker å lære om korleis tankar og merksemd påverkar korleis du har det.
Kurset går over 3 gonger, ca 1,5 t kvar gong.
- Samling 1: Vårt psykologiske immunforsvar
- Samling 2: Tankevirus
- Samling 3: Psykologiske vitamin
For påmelding og informasjon om tidspunkt og oppmøtestad, ta kontakt med oss på
rph@vest-telemark.no eller ring oss på tlf 906 70 130. Kurset er gratis.
«ER DET BERRE MEG?»
Livet skjer med oss alle og det påverkar oss på ulike måtar! Det er fort å tenkje at det er berre eg som slit med vanskelege tankar og kjensler. Men, me har alle ei psykisk helse!
På kurset vil du lære om ulike måtar å meistre utfordringar på, og du vil og få gode verktøy for å jobbe vidare på eigehand - for å kunne bli din eigen terapeut.
Samling 1: TANKEKLUSS
- du vil får ei innføring i kva tankar, grubling og bekymring er, og ulike verktøy for å handtere dette
Samling 2: KLUMP I MAGEN
- du vil få ei innføring i kva kjensler er, kva kjensler me har, kva funksjonar dei har, stressrespons og korleis me kan handtere og tole vanskelege kjensler.
Samling 3: EG KAN
- du vil få ei innføring i kva sjølvkjensle er, kva som kan styrkje og svekkje sjølvkjensla, forskjell på sjølvkjensle og sjølvtillit, og korleis sjølvkritikk påverkar oss.
Ta kontakt for meir informasjon om kurset, varigheit, tidspunkt for oppstart – og påmelding: e-post rph@vest-telemark.no eller telefon: 906 70 130.
Kurset er gratis.
«STÅ OPP» SØVNBEHANDLING
Tilbodet er for deg som har langvarige søvnvanskar / insomni.
Behandlinga er basert på kognitiv åtferdsterapi, som er anbefalt behandlingsmetode for personar med langvarige søvnvanskar.
Kjerneelementa til behandlinga er søvnrestriksjon og stimuluskontroll. Dette er velkjende og godt dokumenterte metodar i behandling av kroniske søvnvanskar.
Behandlingsprogrammet er og kvalitetssikra gjennom systematisk innsamla data i samarbeid med Folkehelseinstituttet, og resultata er presenterte i ein vitskapleg artikkel i Tidsskrift for Norsk psykologforeining, august 2020.
Tilbodet består av totalt sju samlingar, med opplæring i søvn, søvnrutinar, og kva endringar du kan gjere for å få betre søvn.
Behandlinga er krevjande for deltakarane, men effektiv. Det er viktig at du er motivert, og klar til å gjere endringar i søvnen.
Du jobbar på eigahand med det du har lært i gruppa mellom samlingane.
For meir informasjon om tilbodet og påmelding:
Me ynskjer å invitere deg til ei samtale for å vurdere om dette behandlingstilbodet er noko for deg.
Ta gjerne kontakt med oss på e-post rph@vest-telemark.no eller telefon: 906 70 130.
Tilbodet er gratis.