Norskopplæring på dagtid

Vaksenopplæringa i Nissedal har norskkurs for nybegynnarar og vidarekommande opp til B1-nivå. Kursa er på ulike nivå og med ulik framdrift. Vi gjennomfører testar slik at du kan få eit undervisningsopplegg som passar for deg.
 
Vi tilbyr kurs på dagtid, måndag, tysdag og onsdag. Vi fylgjer grunnskulen si skulerute. 
Vi har inntak heile året. 
For dei som har rett og plikt til norskopplæring, er det obligatorisk å gå opp til avsluttande norskprøve.
Har du spørsmål angåande kurs eller prøve i samfunnskunnskap, kan du ta kontakt med vaksenopplæringa. 
 
Kven har rett og plikt til opplæring?

Følgande grupper har rett og plikt til 600 timer gratis opplæring:
  • Personar med opphald ut fra asylstatus, humanitært grunnlag og kollektiv beskytting
  • Familiegjenforening med ovennemnte
  • Familiegjenforening med norske eller nordiske borgarar
Introduksjonsloven gir reglar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar.
 
Plikt til opplæring, men rett til gratis opplæring       

Følgande gruppe får ikkje rett til gratis opplæring, men har plikt til å gjennomføre 300 timer i norsk og samfunnskunnskap for å få busettingstillating (permanent opphaldstillating) eller norsk statsborgerskap:
  • Arbeidsinnvandrere utenfor EØS/EFTA-området
  • Personar som kjem til landet på grunn av familiegjenforening med desse
Ikkje plikt til opplæring, men rett til opplæring mot betaling:

  • Studentar, au pairer, andre med midlertidig opphald, nordiske borgarar og personar med opphald etter EFTA/EØS-regelverket fell utanfor ordninga med rett og plikt til opplæring. Desse kan få tilbod om kurs i norsk mot å betale kursavgift.