Før installasjon eller utskifting av vassmålar, skal ansvarleg utførande sende inn rørleggarmelding. Rørleggarmelding kan sendast på e-post til Nissedal kommune, postmottak@nissedal.kommune,no, v/ VA-ansvarleg eller pr post til Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen.

Før tiltaket vert sett i gang skal rørleggarmelding godkjennast av kommunen.

Når vassmålar er installert skal rørleggar fylle ut og sende inn vassmålarskjema til kommunen.

Rørleggar skal også sende inn bilde av vassmålarens plassering saman med vassmålarskjema.

Alle abonnentar skal installere vassmålar, bustader kan velje. 

Vassmålar bustad

Bustader kan velja mellom å betaler forbruksgebyr etter måling eller etter berekna forbruk. Ved måling skal forbruket målast med godkjent vassmålar.

Fritidsbustader

Fritidsbustader betalar forbruksgebyr etter måling. Forbruket skal målast med vassmålar.

Næringsverksemd

Næringsverksemd betaler forbruksgebyr etter måling. Forbruket skal målast med vassmålar.