Helsestasjonens fokus er helse og trivsel for barn, unge og deires familie.

Gjennom tidleg støtte og rådgjeving i samarbeid med foreldre, barnehage og skule ynskjer Helsestasjonen at alle barn og unge skal ha god helse og trivsel. 
Helsestasjonen har tilsette som har spesialkompetanse innafor førebyggjande helse.

Gjennom helsestasjonsprogram og skulehelseprogram blir barn og unge gjett tilbod om samtale og kontroll med Helsestasjonen. 
Treng du rådgjeving og hjelp utanom, så er det bare å ta kontakt. 

Tenestene til Helsetasjonen er gratis.

Mål for helsestasjonen:

  • Å fremja fysisk og psykisk helse
  • Å fremja gode sosiale og miljømessige forhold
  • Å førebyggja sjukdomar og skader

I fylgje kommunehelsetenestelova §2-2 heiter det:

Born har rett til nødvendig helsehjelp også i form av helsekontroll i
den kommunen barnet bur eller midlertidig oppheld seg……..
Foreldra plikter å medvirke til at barnet deltar i helsekontroll.

På helsestasjonen ynskjer me å:

  • Å møte våre brukarar vennleg, høfleg og med respekt
  • Å yte teneste ut i frå barnet og foreldras behov
  • Å hjelpe med tilvising til rette instans dersom vår hjelp ikkje strekk til
  • Å forbetre våre tenester. Ver venleg å ta kontakt om du har spørsmål, synspunkt eller forslag til idéar.

Helsestasjonen ynskjer av deg som brukar: 

  • At du gjer oss dei opplysningane som vi treng for å hjelpa deg
  • At du møter presis til avtalt tid, og gir oss beskjed dersom du er forhindra frå å møte
  • At barn med smittsame sjukdommar ikkje takast med til helsestasjonen. Ta heller kontakt med familiens fastlege
  • At du gir oss beskjed om dykk flyttar, ved adresseforandring eller andre forhold
  • Ekstra konsultasjonar ved ynskje\behov