Handvaskrutinar for elevar og vaksne:

  • Håndvask med såpe og vatn i minimum 20 sekund er best.
    Bruk av håndsprit berre der det ikkje er tilgang på såpe og vatn.
  • Vask hendane når du kjem til skule/SFO
  • Vask hendane etter hosting/nysing
  • Vask hendane etter toalettbesøk
  • Vask hendane før og etter mat
  • Vask hendane når du kjem inn utanfrå
  • Vask hendane når dei er synleg skitne
  • Vask hendane når du reiser heimanfrå og når du kjem heim
     

Andre viktige reglar for elevar og vaksne:

  • Hugs å hoste/nyse i albogekroken
  • Unngå å ta på ansiktet ditt
  • Spisebord må vaskast med vatn og såpe før og etter bruk
  • Elevane vaskar av eigen pult dagleg med såpe og papirhåndklær, og alltid etter ein har spist ved pulten. Reinhaldar syt for såpeflaske i kvart klasserom til dette.
  • Elevar og tilsette vasker over læringsbrett og datamaskiner med såpe og papirhåndklær dagleg
  • Reinhaldar vasker over toalettsete og kran på servant to gonger dagleg
    Ved oppstart av SFO tørker SFO-tilsett over toalettsete og kran på servanten
    (Går frå klassa i eit avtalt tidspunkt i løpet av siste time for å utføre dette)
  • Tal på leiker reduserast. Ikkje meir enn man har kapasitet til å vaske.
    Brukte leiker (ute og inne) må bli vaska dagleg.
  • Det er ikkje tillete å ha med seg leiker o. l. heimanfrå.
  • Klassebamsar er i karantene inntil vidare

 

Ved å følgje desse reglane, er alle med på å bidra til at vi held oss friske!