Retningsliner for å kunne søkje:
- Verksemda må ha eit organisasjonsnummer og har folkeregistrert adresse i kommunen.
- Den tilsette personen har folkeregistrert adresse i kommunen.
- Ordninga gjeld for unge vaksne i alderen 18-30 år.
- Ordninga gjeld også for personar som har fullført eller er i ferd med å fullføre introduksjonsprogrammet for flyktningar.
- Verksemda må minimum tilby tarifflønn. Tarifflønn for ein person over 18 år, utan erfaring, er pr. i dag kr. 154,26 pr. time.
- Den tilsette må ha tilbod om 100 % stilling i minimum 2 veker, dvs. minimum 75 timar.
- Det kan maksimalt søkjast om støtte for 300 timar, dvs. 100% stilling i 8 veker.
- Ordninga gjeld i perioden 15. juni – 31. august 2020.
- Tilskotet er på kr. 50,- pr. time.
- Det er verksemda sjølv som må søkje om tilskot. Signert arbeidsavtale må leggjast ved søknaden.
Enkel søknad sendast til Nissedal kommune på epost: