Det kjem ikkje til å vere tannlege der, men tannpleiaren sender henvisning til Drangedal tannklinikk.
Treungen tannklinikk samarbeider med Drangedal tannklinikk.
Kva gjer tannpleiaren:
- Undersøkingar/ kontrollar
- Tek røntgenbilde
- Fjernar tannstein
- Pussar behandlar tannkjøttsjukdomar (periodontitt)
- Vurderar tannstilling/henvisning til kjeveortoped
- Veiledning/instruksjon til pasient mm.
Ein viktig del av tannpleiarens arbeidsfelt er fokus på helsefremmande og førebyggande arbeid. Tannpleieren vil også tilby besøk i barnehage, skule og institusjon med undervisningsopplegg innanfor tannhelse. Nissedal omsorgssenter vil også få årleg tilsyn.
Den offentlege tannhelsetenesta gjer gratis tannbehandling til alle mellom 0 til 18 år og grupper med rett til fri tannbehanding:
- Psykisk utviklingshemmede (eldre enn 18 år).
- Grupper av eldre, uføre og langtidssyke som er innlagt i institusjon.
- Grupper av eldre, uføre og langtidssyke i hjemmesykepleie.
I tillegg har 19 og 20-åringar rett til tannbehandling mot 25 prosent eigenandel. Vi tek også imot vaksne betalande pasientar. Alle innanfor dei prioriterte gruppene vil heretter få innkalling til tannpleier i Treungen. Ved behov henvisast det til tannlege i Drangedal. Tannpleiar kan også henvise til kjeveortoped (reguleringstannlege), oral kirurg og andre spesialistar.
Velkommen til Treungen tannklinikk!