Skjema
- Byggesøknad om sanitærteknisk installasjon
- Førespurnad om tekniske tenester
- Rørleggermelding
- Vassmålarskjema
Bustadeigarar, hytteeigarar og næringar.
Kommunen eig avløpsnettverket og har styresmakt til å krevje tilknyting, endre løyve og til å kontrollere anlegg.
Prisen for tilknyting og bruk av det offentlege avløpsnettet blir fastsett av kommunestyret.
Vatn- og avløpstenestene skal drivast etter sjølvkostprinsippet. Det tyder at inntekter og kostnader skal vere like store. Inntektene kjem hovudsakleg frå gebyra, mens kostnaden ved tenesta er ein sum av driftskostnader, administrasjonskostnader og kapitalkostnader (renter og avskrivingar).
Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.
Avdeling: | Eining for teknisk drift |
Telefon: | 35048400 |
Epost: | postmottak@nissedal.kommune.no |
Postadresse: | Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen |
Navn: | Ben David Berås |
Tittel: | Konstituert einingsleiar teknisk drift |
Telefon: | 35 04 85 96 |
Mobil: | 91 67 00 12 |
Epost: | ben.david.beras@nissedal.kommune.no |