Danseundervisning

Nissedal kulturskule kan nå tilby danseundervisning heile dette skuleåret for 1.-10.kl

Vi får dessverre ikkje til teater i år, så derfor prioriterer vi meir tid til dans.

Aneesh er lærar og undervisninga vil vere i Fleirbrukshuset i Treungen og Oppvekstsenteret i Kyrkjebygda på måndagar.

Inndeling av grupper og tidspunkt blir fastsett når påmeldinga er ferdig, men vi tenker i utgangspunktet å starte med dei yngste i Treungen kl. 14.30 og ha 45 min. lange økter.

(kl. 17.15-18.00 i Kyrkjebygda)

Pris: 600 kr per semester (1200 kr for heile skuleåret)

Skulle det vere økonomiske utfordringar for deltaking, så har kommunen kontingentkassa som hjelp. Les meir om kontingentkassa her

For påmelding: send namn og klassetrinn på eleven, og kontaktinfo til føresette med namn og adresse til rune.sanden@nissedal.kommune.no innan onsdag 26.8.

Oppstart er måndag 31. august

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?