Følg vegen vidare mot Heimre Rapvatn. Dette er ein bomveg, og ein kan betale med kort (60 kr.). Etter at ein har passera bommen skal ein køyre i ca. 7,5 km før ein kjem til Heimre Rapvatn. Der kan ein parkere på ein stor parkeringsplass. Frå parkeringa er det merka løype til Fjelløygardsnuten. Når ein kjem til eit tre som er merka med raudt og grønt (sjå bilde) skal ein fortsette på raud løype. Turen tar ca. 45 min til 1 time til toppen.