Målgruppe:
Landbruksføretak

Vilkår:
Skal du byggje ein landbruksveg med ei lengd på over 5 kilometer, må du ha ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak.
Avkøyrsel frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjend av vegstyresmaktene

I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for:

  • Linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen 
  • Skogsdrift (for vegar til skogbruksføremål) dersom det er påkrevt for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar

Kommunen kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, til dømes at vegen må stengjast med bom.

Lovar og retningsliner:
Når hovudføremålet med vegen er landbruk, dvs. at meir enn 50 % av nytteverdien av vegen er landbruksrelatert verksemd, skal søknaden behandlast etter forskrift om planlegging og godkjenning av vegar for landbruksføremål. Når hovudføremålet med vegen ikkje er landbruksrelatert verksemd, blir søknaden behandla etter plan- og bygningslova.

Sjå òg plan- og bygningslova § 29-7 Krav til produkter til byggverk.

Søknadsprosessen:
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. På førehand må du underrette dei som veganlegget får følgjer for, til dømes naboar og rettshavarar. Opplys i søknaden om at dette er gjort. Gjer greie for dei driftsmessige og økonomiske fordelane du vil oppnå med tiltaket. Eventuelle alternative vegtrasear bør òg komme fram.

Skjema:

Søknad om bygging av landbruksveg (SLF-902), sjå Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema)

Vedlegg:
Kartdel som viser:

  • Planlagd veg og dekningsområde jamført med eksisterande vegar 
  • Planlagde massetak i samband med vegbygginga 
  • Lokaliseringa for alle kjende miljøverdiar i området 
  • Eksisterande bygningar

Høve til å klage:
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.