Her kan du laste ned brosjyre om stien
På kvar benk står det eit utdrag av eit dikt skreve av Ruth Lillegraven. Bøkene til Ruth Lillegraven finn du på biblioteket.
Inn i skogen
eg
stansar
i ein sving
langs vegen
klyv over
ei grøft
løftar
eit grønt slør
av bjørkeblad
her startar stien
her forlèt eg
bråk og støy
går inn
i ei stillare
mjukare
verd
Ruth Lillegraven. Skogen den grøne
Foto: © Agnete Brun
Design: © M8