Langfjell ligg i Treungen

Her kan du laste ned kart.

Frå Treungen tek du av frå rv. 41 og inn på fv. 354 mot Fjone. Følg denne vegen i 2,5 km. Like før du kjem til eit grustak gjeng det ein veg inn til venstre. Her kan du parkere (Gaurak). Nå skal du følge traktorvegen oppover dalen i ca. 45 min til 1 time. Her må du følge godt med, da stien du skal ta av til høgre kan vere litt vanskeleg å få auge på sjølv om den er merka med rødt (sjå bilde). Følg den smale stien til du kjem på ”toppen”. Det anbefalast at ein gjeng ut på platået av Langfjell, og følger kanten heile vegen bortover til ein kjem til varden (denne vegen er ikkje merka, men det er her du vil oppleve den magiske utsikten over Nisser). Stien vidare ned til Naurak er ikkje så godt merka, men du kan sjå ei raud pil ved varden som pekar vestover . Gå i pilas retning og sjå etter ein sti og fleire raude merker. Følg stien til du kjem inn på ein traktorveg, og følg vegen vidare ned Svibudalen til Haukåsen hyttegrend. Om ein gjeng fleire i lag, så kan det vere ein fordel å parkere den eine bilen her. Turen tek ca. 4 til 5 timar.
 

Lengde: 4-5 timar
Merking: Delvis merka

Sjå karplassering her