Om kulturskulen

Nissedal kulturskule er eit populært tilbod for elevar i grunnskulen. Eleven skal få grunnleggjande opplæring og ferdigheit til eigen hobby, eller som plattform for vidaregåande skule i retning kultur-uttrykk.

Fleirbrukshuset er hovudsentrum for kulturskulen, men vi vil forsøkje å leggje til rette for undervisning ved Kyrkjebygda oppvekstsenter.

Kulturskulen følgjer hovudsakleg skuleruta.

Frist for oppseiing av tildela plass er vårhalvåret er 1. desember.

Tilbod

For skuleåret 2024/2025 tilbyr me desse tilboda:

  • Gitar
  • Bass
  • Trommer
  • Piano
  • Song 
  • Låtskriving - lage melodiar og tekstar, og spele inn enkle demoar. Det er ein fordel om eleven beherskar eit akkordinstrument, eller har lyst til å lære.
  • Dans, nytt heilårstilbod
  • Teater - frå februar 2025

Tilboda er gebyrregulert.

Opptak - prioritet

  • Tidlegare kulturskuleelevar
  • Dei eldste elevane i grunnskulen

Elevar får berre tilbod om ein elevplass i fyrste omgang, men kan få to plassar dersom det er plass.

Av erfaring har vi sett at nokre instrument krev meir koordinasjon enn andre, og derfor har vi satt ned passandes aldersgrenser. 
Vi tek inn elevar frå 1. klasse på alle instrument, dersom det er plass.

Aldersgrenser:

  • Piano – frå 1. klasse
  • Song – frå 1. klasse
  • Gitar – frå 3. klasse
  • Bass – frå 3. klasse
  • Trommer – frå 3. klasse
  • Låtskriving – frå mellomtrinn/ungdomsskule
  • Dans – frå 2. klasse til ungdomsskule
  • Teater – frå februar 2025 for mellomtrinn/ungdomsskule