Psykisk helseteneste gir hjelp og rettleiing til personar som på grunn av psykiske vanskar eller rusbruk ikkje meistrar kvardagslivet sitt.
Tenesta omfattar mellom anna:
- Støttesamtaler, rettleiing og oppfølging i forhold til eigen livssituasjon.
- Koordinering i forhold til dei andre i hjelpeapparatet.
- Rettleiing og tilrettelegging rundt busituasjonen.
- Støtte og hjelp i forhold til arbeid og daglege aktivitetar.
- Lågterskeltilbod på Mila aktivitetsenter
For å søkje om psykisk helseteneste:
- Fyll ut søknadsskjema søknad om kommunale helse- og omsorgstenestar eller
- Ta kontakt med tenestekontoret på tlf. 35 04 85 60 / mob. 902 10 588.
- Etter oppmodinga blir det gjort ei vurdering, vanlegvis ei samtale, deretter vert ein einige om eventuelle tiltak.