Dette er eit flott bidrag til Plan Internationalt Norges arbeid mot barneekteskap.

På Kyrkjebygda oppvekstsenter blei det arrangert TV-aksjons kafe.

Dei melder om fantastisk innsats frå første sekund, som gjorde ettermiddagen på skulen til ei hyggeleg stund for veldig mange. Og ny innsamlingsrekord blei det òg. Den gamle frå 2015 ( 24.426 kr) har stått seg fram til nå. Den nye rekorden er 26.182 kr.!

Du kan sjå bilde og lese meir om arrangementet her: http://www.kyrkjebygdaoppvekstsenter.no/2021-22/plan/index.html

Me takkar også alle som var bøssebærarar for god innsats!