Rindefjell ligg i Nordbygda

Her kan du laste ned kart

Frå Nissedal køyrer du i retning Vrådal.

Når du har passert skiltet opp til Nordbø, så køyrer du på hovudvegen i 1,4 km til Vormvik og tek til høgre i svingen (det står eit lite skilt i svingen). Parker på den store parkeringsplassen. Ein kan gå to vegar til toppen av Rindefjell. Alternativ ein er å følgje vegen frå parkeringa til toppen, for så å ta til venstre opp vegen på oversida av ridebanen. Ta til venstre igjen på toppen av bakken og følg dei blå merka til toppen. Det andre alternativet er å følgje stien som gjeng frå nordsida av parkeringsplassen til toppen. Løypa er merka med blått. Ein flott tur for familiar, også med små born. Flotte utsiktspunkt underveis. Utsikt over Nordbø, nisser og Nissedal /Fjonesundet på toppen.

Lengde: 1- 1,5 time
Merking: God