Her kan du laste ned vedlegget: Kommuneplanen, føresegner og retningsliner (pdf)
 
Av desse går det fram at bruksendringa er søknadspliktig, at vilkåra sett i retningslinene må kunne oppfyllast, og at søknader frå visse område må opp til politisk behandling, her i formannskapet. Eit hovudvilkår er at bygget må bli tatt i bruk som heilårsbustad, av eigar eller av ein leigetakar. Dokumentasjon på dette er at vedkomande melder flytting til den aktuelle adressa, til Folkeregisteret. Eit dispensasjonsvedtak vil vere ugyldig om dette ikkje har skjedd i løpet av 30 dagar etter vedtaket, og bygget vil då automatisk bli tilbakeført til fritidsbustad. Det vil ut frå dette aldri bli tale om å gjere om fritidsbustader til sekundærbustader i Nissedal kommune. Her er kravet at dei ved bruksendring blir primærbustader.
 
Det må altså fremjast ein individuell søknad om bruksendring der momenta nemnde i retningslinene bør vere avklara/svara på. Familiesituasjonen for den/dei som skal flytte til den bruksendra fritidsbustaden vil bli lagt vekt på, og må derfor gjerast særskild greie for. 
Det er ikkje noko standardskjema for ein slik søknad.
 
Søknaden sender du til:
Nissedal kommune v/Interkommunalt plankontor Treungvegen 398 3855 TREUNGEN, eller som e-post til: postmottak@nissedal.kommune.no.
Behandlingsgebyret er kr 3000, uansett utfall.
 
Ved spørsmål, kontakt plansjef Sveinung Seljås: sveinung.seljas@nissedal.kommune.no.