Vaksenopplæring omfattar å gje gratis undervisning i norsk og samfunnskunnskap til dei som i fylgje introduksjonslova har rett eller plikt til det. 

Undervisninga for flyktningane er lokalisert på Kåsa. 

Elevar som ikkje har rett på gratis norskopplæring, får tilbod om undervisning mot betaling, dersom det er kapasitet. 

Det vert gjeve undervisning til vaksne etter opplæringslova § 4A.2: Rett til spesialundervisning på grunnskolens område. 
Undervisninga foregår på Mila og som heimeundervisning. 

Det vert ikkje gjeve grunnskuleopplæring for vaksne etter § 4A. 1: Rett til grunnskoleopplæring for vaksne. Denne tenesta kjøper Nissedal kommune frå andre som har etablert eit slikt tilbod. Vaksne som bur meir enn 4 km fra skulen har rett til skuleskyss når dei får grunnskoleopplæring etter § 4A-1 (5 fag) og § 4A-2 (spesialundervisning/individuell læreplan).

Vaksenopplæringa har plikt til å gi Opplæring til voksne med behov for alternativ og supplerende kommunikasjon(ASK) ved behov (opplæringslova § 4A-13)