Retningsliner for smittevern

Sidan det er ein pågåande smittesitituasjon i landet, er reglane for bading i Fleirbrukshuset endra.

Retningsliner for bruk av bassenget:

  1. Hugs god hand-og hostehygiene
  2. Du kan berre nytte bassenget om du er symptomfri og heilt frisk
  3. Hugs ein meters avstand
  4. Det er forbode å bade i tøy som er av bomull, då dette set ned effektiviteten på klor, som igjen sikrar vatnkvaliteten.

Symjehallen har makstal på 20 personar per time.

Ein kan ikkje oppholde seg i fleirbrukshuset før eller etter aktivitet, då det er viktig at det ikkje blir for mange i foajén av gongen.

Det er viktig å følgje retningsliner nøye.

Badetider

Torsdagar frå veke 44 til og med veke 51

  • Kl. 16.30 – 18.00:
    Bading for born og ungdom i Nissedal kommune som er frå 5. klasse til og med 7. klasse og er symjedyktige. Det er ikkje høve til at foreldre sit på kanten.
  • Kl. 18.00 – 19.30:
    Familiebading for 2 familier/kohortar. På denne aktiviteten må ein melde seg på. Meld deg på med melding til tlf nr: 904 79 426 Det er ikkje høve til å sitte på kanten av bassenget.
  • Kl. 19.30 – 20.30:
    Bading for dei som ynskjer å trene, ungdom/ vaksen

Laurdagar frå kl. 10.00 - 16.00
2020: Frå veke 44 til og med 50
2021: Veke 1, 2, 4, 5, 6, 7, 8, 10, 11, 13, og 14

  • Du må bestille tid i bassenget på telefon 904 79 426.
  • Familiebading er for 2 kohortar av gongen og badetid på 1 time. 
  • Kvar kohort/familie får ein garderobe kvar, og kvar kohort må dusje saman uavhengig av kjønn.
  • Det kan berre vere 2 kohortar av gongen i bassenget, maks 10 personar i kvar garderobe.
  • Alle må helst vere med i bassenget, det er så langt det er mogleg, ikkje høve til å sitte på land.
  • Hugs ein meters avstand frå personar som ikkje er i same kohort.

Pris

  • Kr 20 per born for ein time
  • Kr 40 per vaksen for ein time
  • Klyppekort:
    • Kr 180 for 10 klypp born
    • Kr 360 for 10 klypp vaksen 

Vi ynskjer dykk hjarteleg velkomen attende til Fleirbrukshuset og ny badesesong!