Om SFO

Skulefritidsordninga (SFO) er eit omsorgs- og fritidstilbod utanom den vanlege skuledagen, der leksehjelp, leik og sosial læring er viktige element. God og sunn mat som gjev god helse blir servert på SFO avdelingane. 

SFO er primært eit tilbod til barn i 1.-4. klasse, men føresette til elevar i 5.-7. klasse kan søkje om opptak. Barn med særskilte behov har rett til plass til og med 7. klasse.

Grunnskulane i Nissedal kommune tilbyr SFO, samt ved Felle og Fjone barnehage. Rektor/ styrar er SFO–leiar.

Talet på vaksne er avhengig av talet på born i ordninga. Vedtektene seier at det skal vere 1 vaksen per 11-13 born.

Vedtekter SFO
Her kan du laste ned vedtekter for SFO

Opningstider SFO

SFO følgjer skuleruta og held ope dei 190 dagane det er skule. 

I jole- og påskeferiar er SFO alltid stengt. 

SFO Tveit:
Måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag kl. 07.30 – 08.30
Måndag, tysdag, torsdag kl. 14.15 - 16.30
Onsdag kl. 12.30 – 16.30
Fredag kl. 13.45 – 16.30

SFO Kyrkjebygda:
Morgon alle dagar kl. 7.30-8.10
Ettermiddag måndag, tysdag, torsdag og fredag og kl. 13.50-16.30
Onsdag kl. 13.00-16.30.

På Fjone er SFO i barnehagen. 
Måndag, tysdag, torsdag og fredag er det sfo på morgonen frå kl. 07.15 til bussen gjeng ca 08.00. 
På ettermiddagane er det sfo frå kl. 15.00 til 16.45. Onsdag er det sfo frå kl. 13.10-16.45. På onsdagane får barna mat på ettermiddagen.

På Felle er SFO i barnehagen. 
Måndag til fredag  er det sfo på morgonen frå kl. 07.00 til bussen gjeng ca 07.50. På ettermiddagane er det sfo frå ca. kl. 15.00 til 16.30.
Onsdag er det sfo frå kl. 13.15- 16.30. På onsdagane får barna mat på ettermiddagen.
 

Felles for barna i SFO alle dagar:
Ha med nisteboks til frukost

SFO tilbod i feriar: 
Har dykk behov for SFO i haust, vinter eller sommarferie kan dykk nytte tilbodet ved Tveit småskule.
Meld elevane på i god tid.