Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar.

Forvaltninga av elg og hjort:
Jakt på elg, hjort og rådyr kan bare skje i godkjente vald. Vald er eit geografisk område som er godkjent på ein eller fleire hjorteviltartar, og som får tildelt fellingsløyve frå kommunen. Valdet skal vera samanhengande og ha ein avgrensing som gjer det egna til jakt. Valdet må omfatte eit teljande areal som er meir enn minstearealet for vedkommande hjorteviltart.

Det er valdet som skal rapportere fellingsresultatet til det offentlege.

Fellingsresultat og statistikkar finn du ved å gå inn på linken nedanfor:

Hjorteviltregisteret.

Forvaltninga av bever:
Forskrift om tildelingsgrunnlag for jakt etter bever i Kviteseid kommune, fastlagt av Fylkesmannen i Telemark den 24.juli 1998 med heimmel i lov om viltet av 29. mai 1981 nr 38. § 16, og forskrift av 1 september 1997 nr 999 om forvaltning av bever:

"§ 7. For jakt etter bever i Kviteseid kommune skal fellingstillatelser fordeles etter tellande areal . Jakttida for bever er frå og med 1. oktober til og med 30. april.
Kommunen tilldelar fellingsløyv etter søknad frå jaktrettshaver. 

Målgruppe:
Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår:
Viltartar har ulike krav til areal. Det teljande arealet er lik talet på dekar av dei arealslaga som kvar art bruker regelmessig over fleire år. Kommunen avgjer kva som er minstearealet for at eit vald skal godkjennast.

Brosjyrer:
Forvaltning av hjortevilt

Lovar og retningsliner:
Sjå viltlova §§ 16 og 40

Søknadsprosessen:

Du må sende skriftleg søknad med:

  • Opplysningar om kva for art eller artar søknaden gjeld for
  • Kart som viser grensene for valdet 
  • Oversikt over eigedommane som valdet omfattar (med gards- og bruksnummer) og storleiken på kvar eigedom 
  • Oppgåve over teljande areal for den eller dei aktuelle artane 
  • Skriftleg samtykke frå alle jaktrettshavarane i valdet 
  • Namn og adresse på den oppnemnde representanten for valdet

Søknadsfrist:
1. mai for elg, hjort og rådyr og 15. mai for villrein

Søknadmottakar:
Kommunen godkjenner vald for jakt på elg, hjort og rådyr. Søknader om godkjenning av vald som omfattar fleire kommunar, skal sendast til den kommunen der det største teljande arealet ligg. Villreinnemnda godkjenner vald for jakt på villrein.  

Høve til å klage:
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak som er gjort av kommunen, og Miljødirektoratet for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.