Kva er kultur sitt ansvar?
Å delta i kultur og fritidsaktivitetar er vernande faktorar. Vi vil arbeide for at barn og ungdom i Nissedal får delta og utvikle seg innanfor ulike former for kultur og fritidsaktivitetar. Dette er gode arenaer for å bygge vennskap og oppleve meistring.
Eining for kultur skal delta inn i det førebyggjande arbeidet for barn og unge i kommunen.
Kva er dei tilsette i kultur sitt ansvar?
- Alle tilsette skal vere på vakt ovanfor forhald som bør vekke bekymring. Det kan vere bekymring for barn, for foreldre eller samspelet dei i mellom.
- Ved bekymringsfulle observasjonar har alle tilsette ansvar for å:
- Konkretisere observasjonane
- Drøfte observasjonane med kollega eller leiar
- Vurdere om observasjonane gjev grunnlag for bekymring
- Ved bekymring for eit barn skal det vurderast
- Handterer vi dette i eigen eining
- Treng vi hjelp til å vurdere?
- Skal dette meldast til barnevern/ Politi
- I møte med barn i utsette familiar skal vi vere tilgjengelege, sjå barnet, prate med barnet, bidra til meistring og sosial utfaldelse.
- I møte med foreldre skal vi vere tilgjengelege, ha fokus på barnet og samarbeide med andre instansar der det er føremålsteneleg.
- Tilsette skal ha kunnskap om samarbeidande instansar. Dei skal be om samtykke og ta kontakt med samarbeidspartar dersom dei meiner at det er hensiktsmessig i forhold til å vurdere bekymring eller følgje opp nokon i familien.
- Alle tilsette har lovfesta plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller når det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Opplysningsplikta går før lovbestemt teieplikt. Det inneber at teieplikta blir sett til side der vilkåra for opplysningsplikt er oppfylt.