Velkomen
Vi har eit godt utval av aviser, blad, filmar og sjølvsagt mange gode bøker.
Om ikkje vi har boka du er ute etter, så kan vi låne bøker frå andre bibliotek. Heilt gratis.
Nissedal folkebibliotek har ope kvar måndag og onsdag.
- Måndag kl. 13.00-16.00
- Onsdag kl. 12.30-18.00
Laurdagsope våren 2023:
7.1, 14.1, 21.1, 4.2, 11.2, 18.2, 4.3, 11.3, 18.3 og 22.4
Ope frå kl. 11.00 - 16.00
Arrangement
- Leseleiar for «Bok og Prat» er Margit Kiland
- Leseleiar for «Les i lag» er Sigrid Nesland Vejen
Arr. kalendaren for våren ser slik ut:
Januar:
- 7.1 "Dikt & Te" 12.00
- 11.1 "Bok og prat" 10.30 - 12.30
- 11.1 "Les i lag" 18.00 - 19.30
- 14.1 "Dikt & Te" 12.00
- 14.1 Lær deg origami
- 21.1 "Dikt & Te" 12.00
Februar:
- 1.2 "Les i lag" 18.00 - 19.30
- 4.2 "Dikt & Te" 12.00
- 8.2 "Bok og prat" 10.30 - 12.30
- 11.2 "Dikt& Te" 12.00
- 11.2 Lær deg origami
- 15.2 Dikt & Valentin, foredrag 18.00
- 18.2 "Dikt & Te" 12.00
Mars:
- 1.3 "Bok og prat" 10.30 - 12.30
- 1.3 "Les i lag" 18.00 - 19.30
- 4.3 "Dikt & Te" 12.00
- 11.3 "Dikt & Te" 12.00
- 11.3 Lær deg origami
- 15.3 Blackout poetry. Workshop. 18.00
- 18.3 "Dikt & Te" 12.00
- 22.3 Forfattar: Steinar Opstad. 18.00
April:
- 12.4 "Bok og prat" 10.30 - 12.30
- 12.4 "Les i lag" 18.00 - 19.30
- 22.4 "Dikt & Te" 12.00. Bok & Roser
Lånekort og e-bøker
Lånekort
Er du ikkje låner kan du registrere deg her eller ta kontakt , så kan me hjelpe deg.
Sjekk om vi har boka du ynskjer her
E-bøker
Om du vil låne bøker digitalt kan du laste ned appen Bookbites og få tilgang til mykje god litteratur og lydbøker.
BookBites kan brukas av alle målgrupper, vaksne og barn, og har ein rekke funksjonar som støttar opp under den gode leseopplevinga og vil motivere deg til å lese vidare.
Appen har også integrerte hjelpemidlar for ulike lesevanskar, til dømes dysleksi, og eit brukarvenleg, universelt utforma design.
Last ned appen Bookbites, og følg instruksjonar for pålogging.
Vi kan hjelpe deg til å få tilgang. Er du ikkje låner kan du registrere deg her. Er du låner, men treng pinkode kan du sende e-post til biblioteket@nissedal.kommune.no.
Les meir om bookbites her.
Her kan du sjå brukarrettleiing på film
PressReader
Om du lastar ned appen PressReader på biblioteket, kan du lese ufatteleg mange aviser og tidsskrifter. Etter at du har opna appen kan du lese vidare i 7 dagar heime.
Ta ein tur innom og få ein god kopp kaffe/te og ta ein pust i bakken, på biblioteket finn du garantert noko som passar for deg.