Paradisbukta ligg ved Tjørull

Ein kan parkere ved tjørullkroa. 

Følg Rv 41 ca 500 m sørover før du tar inn til venstre mellom eit kvitt og eit gult hus, følg grusvegen og ta første til venstre. Deretter går du ein god km på grusveg-til du kjem til ein dam (demning)på høgre side og eit lite vatn rett fram, her følger du merka sti til venstre forbi ein gapahuk og videre utover. Ca 200-300 m etter gapahuken tar du «avstikkeren» over ei bru og ut til Paradisbukta. Kassa heng på eit tre ved vannet ( flott stad med bålplass og bord) følg samme veg tilbake.

Heile turen er ca. 6 km. Flott tur, fin for ungar. 😊👌🏻