Gebyrregulativ  
Nr. 1.1Oppretting av matrikkeleining  
Nr. 1.1.1: Oppretting av grunneigedom og festetomt  
Areal 0 - 2000 m2 kr 13.900,-
Areal frå 2001 m2 - auke pr. påbyrja dekar kr 1.100,-
For areal over 8000 m2; Tilleggsgebyr for tidsbruk over 4,0 t med timesats lik 1,2 promille av årsløna.   
Frådeling av eksisterande festetomt der det er gjennomført oppmåling/laga målebrev etter 1/1-1980, og den nye oppmålinga ikkje
endrar på grensene til den opphavlege festetomta, får 2/3-dels gebyr.
 
Frådeling som fell inn under §42 i matrikkelforskrifta (LNFR-areal over 100 dekar) får 2/3-dels gebyr.  
1.1.2: Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn  
Pr. sak uansett arealdel kr 4.100,-
Der markarbeid er påkrevd, utløyser det tilleggsgebyr etter pkt. 1.6.  
1.1.3: Oppmåling av uteareal på eigarseksjon  
For fyrste to eigarseksonar, areal 0-2.000 m2  kr 5.100,-
For fyrste to eigarseksonar, areal 0-2.000 m2  kr 2.000,-
Areal frå 2001 m2 - auke pr. påbyrja 1000 m2 kr 1.000,-
1.1.4: Oppretting av anleggseigedom  
Volum 0 - 2000 m3 kr 6.300,-
Volum frå 2001 m3 - auke pr. påbyrja 1000 m3 kr 500,-
1.1.5: Registrering av jordsameige  
Gebyr etter brukt tid, med timesats lik 1,2 promille av årsløna  
1.1.6: Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning  
Som i punkt 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 og 1.1.5.  
Ved fullført oppmåling eit tilleggsgebyr kr 3.900,-
1.2: Avbrot  
1.2.1: Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering  
Gebyr for utført arbeid dersom saka blir trekt før ho er fullført, må
avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve,
eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, blir sett til 1/3 av gebyrsatsane i 1.1.
 
1.3: Grensejustering  
1.3.1: Grunneigedom, festegrunn og jordsameige  
Ved gebyr for grensejustering kan areal for involverte eigedomar justerast med
inntil 5% av eigedomsarealet (maksimalgrensa er sett til 500m2). Ein eigedom
kan derimot ikkje gje frå seg areal om si sum overstig 20 % av eigedomsarealet 
før justering. For grensejustering til veg- eller jarnbaneførmål kan andre
arealklasser gjelde.
 
Areal 0 - 500 m2 kr 6.300,-
1.3.2: Anleggseigedom  
For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av
anleggseigedomsvolumet, men den maksimale grensa er sett til 1000 m3. 
 
Volum 0 - 250 m3 kr 3.200,-
Volum 251 - 1000 m3 kr 6.400,-
1.4: Arealoverføring  
1.4.1: Grunneigedom, festegrunn og jordsameige  
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast.
Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg-
og jarnbaneføremål.
 
Areal 0 - 100 m2 kr 4.800,-
Areal 101 - 250 m2  kr 7.200,-
Areal 250 - 500 m2  kr 9.800,-
Auke pr. nytt påbyrja 500 m2  kr 500,-
Dersom grense(r) på eksisterande grunneigedom ikkje er koordinatbestemt,
eit tilleggsgebyr på:
kr 3.600,-
+ evt. tilleggsgebyr for tidsbruk over 4,0 t med timesats lik 1,2 promille av årsløna  
1.4.2: Anleggseigedom  
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining
til ei anna,
- ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volumet kan bare overførast
 til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføyning er til stades. 
Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengane volum.
 
Volum 0 - 500 m3 kr 4.100,-
Auke pr. nytt påbyrja 500 m3  kr 500,-
1.5: Klarlegging av eksisterande tomt der grensa ikkje er koordinatbestemt  
For tomt inntil 8000 m2 kr 9.400,-
1.6: Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning.  
For inntil to punkt  kr 4200,-
For overskytande grensepunkt, pr punkt  kr 300,-
1.7: Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/
eller klarlegging av rettar.
 
For inntil to punkt  kr 7.200,-
For overskytande grensepunkt, pr. punkt kr 700,-
Gebyr for klarlegging fakturerast etter brukt tid, timesats 1,2 promille av årsløna  
1.8: Privat grenseavtale  
For inntil 2 punkt eller 100 m grenselengde kr 1.200,-
For kvart punkt eller påbyrja 100 m grenselengde  kr 100,-
(Vel billigaste alternativ for rekvirenten)   
1.9: Urimelege gebyr  
Dersom gebyret klart er urimeleg i høve til prinsippa som er lagt til grunn, og det
arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han/ho
gjev fullmakt, av eige initiativ fastsetje eit passande gebyr.
 
Fullmaktshavar kan under same føresetnadar og med bakgrunn i grunngjeven
søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr. 
 
1.10: Betalingstidspunkt  
Gebyret skal krevjast inn på forskot  
1.11: Endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka  
Endrar rekvirenten grunnlaget for matrikkelføringa av saka før ho er avslutta, skal
gebyret likevel stå ved lag.
 
1.12: Utskriving av matrikkelbrev  
Matrikkelbrev inntil 10 sider kr 175,-
Matrikkelbrev over 10 sider  kr 350,-
1.13: Gebyr rekna ut etter brukt tid  
Gebyr for oppmålingsarbeid som ikkje kan fastsetjast ut frå punkta over, skal reknast
ut etter brukt tid, timespris som svarar til 1,2 promille av brutto årsløn for den som
utfører arbeidet, i tillegg til kostnadar med reise og eventuelt merkemateriell.
 
1.14: Statlege gebyr og avgifter  
Tinglysingsgebyr og eventuelle dokumentavgifter kjem i tillegg til alle kommunale gebyr.  
1.15: Regulering av gebyrsatsane  
Gebyrsatsane kan regulerast kvart år i samband med budsjettvedtaket i kommunen, og
skal innordnast målet om full inndekking i sjølvkostregnskapet for desse tenestene.
 
1.16: Tidspunkt for iverksetjing  
Gebyrregulativet gjeld frå 01.01.2019, for søknader som kjem inn etter denne datoen.  

Gebyrregulativet er vedteke av Nissedal kommunestyre (sak 077/18, 13.12.17) og Kviteseid kommunestyre (sak 079/18, 13.12.18).