Samanslåing av matrikkeleiningar (eigedommar)
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Eig du to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) i same kommunen, kan du krevje å få dei slått saman til éin eigedom med eitt gards- og bruksnummer. Festar du to festegrunnar (med kvart sitt festenummer) på same bruksnummeret, kan du krevje å få dei slått saman til eitt festenummer. Sjå nedanfor kva for vilkår som må vere oppfylte.
Målgruppe
Personar som er heimelshavarar (har grunnboksheimel) til meir enn éin eigedom eller meir enn éin festegrunn
Kriterium/vilkår
- Eigedommane må liggje i den same kommunen. Til vanleg vil eigedommane grense opp til kvarandre og utgjere eit samanhengjande heile, men det er òg høve til for eksempel å slå saman to eigedommar som ligg på kvar si side av ein veg
- Det må liggje føre ein attest frå kommunen. Dersom ei samanslåing kan føre til forhold som er i strid med reguleringsplanen, kan kommunen nekte å skrive attest
- Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom ho fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar
- Samanslåing av festegrunn kan berre skje dersom festekontraktane er likelydande og festegrunnane ligg på same grunneigedommen
-
Lover og forskrifter
SjåMatrikkellova § 18 Samanslåing av eksisterande matrikkeleiningarMatrikkelforskriften Kapittel 10 Sammenslåing
Lover
Matrikkellova
Tinglysingsloven
Forskrifter
Matrikkelforskriften -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Det er heimelshavaren sitt ansvar å bringe dette i orden. Ta eventuelt kontakt med Tinglysinga hos Kartverket, tlf. 32 11 88 00, dersom du ikkje har oversikt over dette. Kravet om samanslåing sender du til kommunen.
Skjema
Krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar
Vedlegg
Søknaden sendes til
Interkommunalt plankontor, Treungvegen 398, 3855 Treungen.
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen vurderer om vilkåra for samanslåing ligg føre og skriv ut ein attest dersom dei finn ut at forholda for samanslåing er til stades. Dersom heimelshavaren (som festar eller som eigar) krev to festegrunnar (festenummer) føyd saman, må vedkommande sende kopi av kravet til den / dei andre heimelshavarane. Desse får ein frist på to veker til å uttale seg. Krav om samanslåing bør ikkje sendast til tinglysingsmyndigheita før denne fristen på to veker er over.
Det er kommunen som i eigedomsregisteret (matrikkelen) avgjer kva for bruksnummer/festenummer som skal stå og kva for nummer som skal settjast til historiske. Sei ifrå dersom du har ønske knytt til dette.I nokre tilfelle vidaresender kommunen kravet ditt med attest til Tinglysingen hos Kartverket. Deretter blir samanslåinga tinglyst elektronisk av kommunen. Kartverket avgjer om vilkåra for samanslåing er oppfylte og merkjer i så fall samanslåinga i grunnboka.
Klagemulighet
Du kan klage dersom kommunen nektar samanslåinga. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli tatt til følgje.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Plan og næring Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Eirik Otto Skarprud Tittel: Oppmålingsingeniør Telefon: 35 04 84 35 Epost: eirik.skarprud@nissedal.kommune.no Navn: Vidar Stigen Tittel: Oppmålingsingeniør Telefon: 35 04 84 32 Epost: vidar.stigen@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar
- Oppdatert:
- 2022-01-11 08:30
- Gyldig fra
- 2012-12-27
- Gyldig til
- 2023-01-11