Gudstenesteoversikt m.m.

Kyrkjekontoret har oppretta ei Facebookside som heiter Kyrkja i Nissedal der dei legg ut mykje nyttig informasjon. 
Lik sida på Facebook og bli informert!

Her finn du nettsida til "Den norske kirke"

Soknerådet

Medlemer av soknerådet

  • Anita Haugstad Haugsjå
  • Gunnild Breivik Rieber-Mohn
  • Asbjørn Nes Hansen
  • John Nordbø
  • Olav Borstad   
  • Astrid Eidem Nordal

Varamedlemer

  • Arvid Hansen
  • Ole Kristian Bøe
  • John Olav Klodvik
  • Marit Liodden

 

Om kyrkjene i Nissedal

Nissedal kyrkje: 
Kyrkja blei vigsla 12. september 1764. Ho er bygd som ei krossforma tømmerkyrkje med 270 sitjeplassar. Altartavla og altarbordet frå 1600-talet er truleg henta frå den gamle mellomalder-kyrkja som stod på same staden. Ein messehakel omsydd frå ei gamal korkåpe, er frå tida før reformasjonen 1537. Ved kyrkja ligg og ein del av eit gamalt katolsk altarbord i stein. 

Tveit kyrkjegard: 
Her låg den eldste kyrkja i Treungen. Ho er nemnd i erkebiskop Øysteins hyrdebrev i 1395 som 'Kyrkja på Thveitar i Tridungenum.' Universitetes oldsakssamling har ein skoren madonnafigur i tre frå denne kyrkja. Den skal vere eit norsk arbeid som er laga på 1200-talet.Den andre kyrkja på Tveit blei bygd i 1750. Det var ei langkyrkje av tømmer med våpentårn og klokketårn med spir. Denne kyrkja blei riven i 1863, og ein del av tømmeret blei bruka i kyrkjestova som står ved den noverande kyrkja i Treungen. 29. juli 1984 blei ein klokkestøpul innvigd på kyrkjegarden på Tveit. 

Treungen kyrkje: 
Kyrkja blei vigsla 25. mars 1863. Ho er bygd som ei langkyrkje av tømmer med 250 sitjeplassar. Altartavla, døypefont, nattverdsylv og kyrkjeklokker frå 1750-talet er henta frå den gamle kyrkja på Tveit. Kyrkjestova som ligg like ved kyrkjegarden, er bygd av tømmer frå den gamle kyrkja. 

Felle kapell: 
Kapellet blei vigsla 3. oktober 1971. Det er eit vakkert, lite og vel utstyrt kyrkjehus med 80 sitjeplassar. Fire tresnitt med motiv frå frelsessoga utgjer tilsaman eit stilreint, krossforma altarbilde. Kapellet har og ei variert og interessant kunstsamling med religiøse gjenstandar frå mange land.

Vedtekter for kyrkjegardane i Nissedal og Treungen

Jfr. Lov av 7. juni 1996 nr. 32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd (Gravferdsloven) § 21. 

Vedteke i Nissedal kyrkjelege fellesråd 10.03.1998. 

Godkjent av Agder og Telemark bispedømmeråd 28.09.1998. 

§ 1. KYRKJEGARDSTILHØYRING 
Avlidne personar i kommunen kan gravleggjast på den kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ønskje, dersom dei ikkje vert gravlagde i ein anna kommune.

Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ein anna kommune mot slutten av livet.

§ 2. FREDNINGSTID OG FESTETID 
Fredningstid for oskeurner er 20 år.

Fredningstid for kister er 30 år.

Festetida er 20 år for fyrste periode. Seinare er den 5 år.

§ 3. FESTE AV GRAV 
Når kistegrav vert teke i bruk, er det bare høve til å feste ei grav ved sida av, og etter godkjenning frå kyrkjeleg fellesråd for ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer då ein gravstad.

Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av.

Når festetida er ute kan gravstaden festast for nye 5 år. Når det har gått 70 år etter siste gravlegging, kan feste ikkje fornyast utan særskilt samtykkje frå kyrkjeleg fellesråd.

I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.

Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjere spørsmålet om gravleggjing. Festaren pliktar melde frå om endring av adresse.

§ 4. GRAV OG GRAVMINNE 
Gravaren vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravleggjing. Gravminnet bør ikkje setjast opp tidlegare enn 6 månader etter gravleggjing av kiste. I mellomtida blir det sett opp eit kors med namnet til den avlidne.

På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teke i bruk. Gravminnet vert ståande der for godt.

§ 5. PLANTEFELT 
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt. Det må ikkje vere breiare enn bredda på gravminnet, men kan i alle høve vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkant av gravminnet. Det kan ikkje plantast buskar som er høgare enn gravminnet eller går utover plantefeltet.

Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting, så som liggjande plater, blomeurner, lykter m. v. i plantefeltet. Lause dekorting skal fjernast etter bruk.

Det er heller ikkje høve til å ramme inn grava eller delar av den med hekk eller daudt materiale.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet.

§ 6. PLANTERESTAR OG ANNA AVFALL 
Plantar, kransar og liknande som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal vere heilt komposterbart.

§ 7. STELL AV GRAV 
Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal såast til av den ansvarlege eller av gravaren.

§ 8. GRAVLEGAT 
Mot innbetaling av ein bestemt sum til eit gravlegat, vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden. Gravlegatet vert forvalta av fellesrådet sin daglege leiar som legatstyrar. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkje utgiftene til vanleg planter og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Det skal i kvart einskild høve opprettast legatavtale.

Gravlegat kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredningstida eller festetida som ligg framføre. Dersom det oppstår slike økonomiske forhold i legattida at midlane ikkje rekk til, skal legatstyraren gi melding om dette til den som er ansvarleg eller festaren. Det er då høve til å auke legatet, slik at det rekk tida ut.

Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukt opp.

Dersom det er midlar att av legatet når tida er ute, kan dei brukast av kyrkjeleg fellesråd til å gjere kyrkjegarden finare. Gravlegata vert forvalta i fellesskap, men legatstyraren fører eigen rekneskap for kvart legat som vert revidert årleg. Det er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidlane.

§ 9. BÅREROM 
Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette.

§ 10. NÆRINGSVERKSEMD 
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande ikkje retter seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

LEGATREGLAR: 
Legatet skal ikkje vare lengre enn 10 år. 
Skriftleg avtale med pårørande/skifterett om kva som skal gjerast. 
Minimumsbeløp: kr. 1.500,-pr. støtte pr. år som avtala skal gjelde for. 
Administrasjonsgebyr kr. 250,- pr. støtte pr. år. 
Skulle det i legattida oppstå slike økonomiske høve at midlane ikkje strekk til, (dersom prisane våre stig meir enn 10% frå dato for inngått avtale, er det høve til å auke prisane tilsvarande) skal kyrkjeverja gi melding om dette til gravfestaren eller den ansvarlege for grava, dersom dei finnast. Det er då høve til å auke legatet slik at det varer tida ut. I motsatt fall vil vedlikehaldet opphøyre når midlane er oppbrukt.
Gravlegatet forvaltast av kyrkjeverja, rekneskapen reviderast årleg av kommunens revisor. 
Er det pengar att når avtaletida er ute, vil resten av beløpet gå til forskjønning av kyrkjegarden. 
Vedteke i Nissedal kyrkjelege fellesråd 28.04.2009