Terminar

Vatn, kloakk, feiing/tilsyn og eigedomsskatt blir fakturert i fire terminar per år.

Termin Forfall
1: 01.01 - 31.03 20.03
2: 01.04 - 30.06 20.06
3: 01.07 - 30.09 20.09
4. 01.08 - 32.12 20.12

 

Om du har e-faktura, så kan vi tilby fakturering i tolv terminar.
Ta kontakt med Gunn E. Strand om du ynskjer denne løysinga, på telefon 35 04 84 39 eller e-post gunn.strand@nissedal.kommune.no.

E-faktura

Med E-faktura blir rekningane sendt til nettbanken din. Einaste du treng å gjere er å godkjenne rekninga. KID-nummer, kontonummer og beløp er ferdig utfylt.

Ynskjer du å opprette E-faktura brukar du e-fakturareferansen som du finn øvst til høgre på rekninga di. 

Avtalegiro

Med avtalegiro slepp du å registrere betalinga, og beløpet blir trekt automatisk frå kontoen din ved forfallsdato.

Me tilbyr avtalegiro på fakturaer som gjentek seg, slik som for eksempel barnehage, husleige, omsorgstenester og kommunale avgifter.

Oppgjør, adresseendring og tinglysing

Ved sal av bustad/ hytte må kjøpar og selgar gjere opp seg i mellom.

Flyttar du, så må du melde flytting til Folkeregisteret. Kommunen hentar adressene frå Folkeregisteret.

Heimelsovergangar må tinglysast.

SWIFT/ BIC-adresse

  • Bank: Sparebanken Sør
  • SWIFT/BIC: SPSONO22
  • IBAN: NO75 2801 1380 397

Bankkontonummer

  • Mottatt faktura - bruk kontonummer: 2801.13.80397
  • Skatt (ikkje eigedomsskatt) - bruk kontonummer: 6345.06.08302
  • For anna innbetaling - bruk kontonummer: 2714.07.00016