Sjukehuset i Telemark og kommunane i Vest-Telemark har ei ordning med ambulerande audiograf om lag ein gong i månaden.

Audiografen held til på Nissedal omsorgssenter i underetasjen. 

Det er mogleg å få utført:

  • Audiogram (høyrselstest)
  • Avtrykk til propp
  • Tilpasssing og oppfylging av høyreapparat

Bestilling av timeavtale:

Ta kontakt med Tenestekontoret for timebestilling på telefon 35 04 85 60. 

Audiograf er Sigurd Løberg.