Vedtak - eigedomsskatt

Kommunestyret  har vedteke at det skal vere eigedomsskatt i Nissedal kommune.

Det er Lov om eigedomsskatt til kommunane som fastset regelverket om eigedomsskatt. Lova seier at eigedomen sin takstverdi skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.

Eigedomsskattelova finn du på lovdata.no eller på link under:

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1975-06-06-29?q=eigedomsskatt

Den alminnelege eigedomsskatten er 7 promille.

For bustader/fritidsbustader er eigedomsskattesatsen 2,86 promille.

I eigedomsskattelova er det obligatorisk reduksjonsfaktor av takste på bustader/fritidsbustader på 30 prosent. Eigedomsskattelova seier og at eigedomsskatt under kr 300 for ein eigedom ikkje vert kravd inn.

Kommunestyret vedtek kvart år eit utskrivingsvedtak om eigedomsskatt. I Nissedal er det ikkje gjort vedtak om bruk av botnfrådrag.

Takstvedtekter for Nissedal kommune gjer greie for det generelle regelverket kring eigedomsskatt i Nissedal.

Her kan du laste ned takstvedtektene (pdf)

Takseringsreglane gjer greie for korleis sjølve takseringa vert gjennomført.

Her kan du laste ned rammer og retningsliner (pdf)

Utrekning av takst bygger ulike objektive kriterie som t.d. areal. I tillegg blir det gjort ei skjønnsvurdering av tilstand til kvart bygg. Prinsipp for å berekne areal, utover det som går fram av «Rammer og retningsliner for eigedomskatt» går fram av skriv under:

Her kan du sjå korleis areal blir berekna (pdf)