Du kan søkje kommunen om parkeringsløyve for rørslehemma. Løyvet gir deg rett til å parkere på offentleg skilta og reservert parkeringsplass utan at du betaler avgift, og utan at du må følgje den lengste fastsette parkeringstida (dersom det ikkje er gitt melding om noko anna).