Kort om barnehagen

Barnehagen ligg på Fjone ca. 20 km frå Treungen sentrum. Barnehagen er nyetablera og opna i august 2019. Barnehagen held til i bygget til det som tidlegare var ein grendeskule. 

Vi har stor boltreplass, og gymsal til disposisjon. Elles nyttar vi den flotte naturen og nærmiljøet rundt barnehagen mykje. 

Nissedal kommune har eit felles hovudmål "Det viktigaste er å få leike", og Fjone barnehage har utarbeida seg delmål:

  • bygge vennskap gjennom leik  
  • verne om den gode leiken
  • skape eit inkluderande miljø

Meir om vår pedagogikk finn du i barnehagen sin årsplan. 

Antal plassar

Barnehagen har ei avdeling med inntil 14 barnehageplassar for barn i alderen 1 – 6 år.

Opningstider

Kl. 07.15 – 16.45, måndag – fredag

Råd og utval

Alle foreldre utgjer foreldrerådet i Fjone barnehage, men foredrerådsrepresentanten fungerar som talsperson for foreldrerådet. Foreldrerådsrepresentanten er og med å utgjer samarbeidsutvalet (SU), saman med ein personalrepresentant og styrar som sekeretær. 
 
Foreldrerådsrepresentant: Jeanette Verpe Slåtta
Vara foreldrerådsrepresentant: Sondre Heimdal
 
Personalrepresentant: Gunn Jonskås
 
Sekretær/ styrar: Natalie Z. Bråthen