Barnehagen skal minst ha éin arbeidstakar per tre barn når barna er under tre år og éin arbeidstakar per seks barn når barna er over tre år. Barn skal reknast for å vere over tre år frå og med august det året dei fyller tre år.
 
Til forskjell får pedagognorma, er det her lov å rekne med  prosentvise stillingar. Det vil sei at eit ekstra barn ikkje utløyser krav til ein ny heiltidsstilling. Eit ekstra barn under tre år utløyser  behov for 0,33 årsverk og eit ekstra barn over tre år 0,17 årsverk. På same måte som for pedagognorma, skal barnehagen som heilhet oppfylle kravet til grunnbemanning.
Vilkåra om at det må liggje til grunn særlige omsyn, betyr at det berre unntaksvis er høve til å gje dispensasjon.. Kommunen vil foreta ei konkret vurdering av om barnehageeigar gjer ein reell innsats for å skaffe kvalifisert personale. Kommunen vil også vurdere om barnehagen har tilstrekkelig personale til å drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd  i den perioden det blir dispensasjon for. Dette vil blant anna avhenge av alder på barna og opphaldstid, og den samla kompetansen i bemanninga Kommunen må foreta ei konkret vurdering i kvart einskilde tilfelle.
 
Høve til å løyve dispensasjon frå bemanningsnorma er heimla i lov om barnehagar § 26 tredje ledd. For å gje dispensasjon må det liggje til grunn særlige omsyn, og barnehagane sitt samarbeidsutval skal uttale seg.