Alternativ kommunikasjon (ASK) for barnehagebarn
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Barn som heile eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), skal få bruke eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i barnehagen.Foreldre treng ikkje søkje om å få bruke hjelpemiddel, barnehagen skal leggje til rette for bruk av hjelpemiddel innanfor det vanlege barnehagetilbodet.Eksempel på kommunikasjonsformer er handteikn, bilete, grafiske symbol, konkrete handlingar, veremåtar og kroppslege uttrykk. Eksempel på kommunikasjonsmiddel er kommunikasjonsbøker, tematavler og talemaskiner.Målgruppe
Barn i barnehagen, barn i barnehagealder.
Kriterium/vilkår
Kommunen kan vedta å tilby ASK i samanheng med spesialpedagogisk hjelp.
-
Lover og forskrifter
-
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Barnehagen pliktar å leggje til rette for barn med nedsett kommunikasjonsevne, og det er ikkje nødvendig med søknad.Likevel er ofte ASK ein del av tilbodet om spesialpedagogisk hjelp. Og dersom utstyr til ASK krev opplæring for å ta det i bruk, må det fattast eit enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp (barnehagelova §§ 31, 32, 33 og 34). -
Saksbehandling
Klagemulighet
Er du misfornøgd med forhold i barnehagen kan du ta det opp med leiinga til barnehagen. Det er leiinga til barnehagen som er ansvarleg for tilbodet, og som skal samarbeide med alle foreldre.Du kan også sende ei skriftleg klage til kommunen.Dersom kommunen avviser meldinga, kan du fremje ein formell klage på dette vedtaket. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket frå kommunen.Du kan også klage til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta. -
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Eining for oppvekst og kultur Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Marianne Bråten Odden Tittel: Styrar - Kyrkjebygda barnehage Telefon: 35048467 Mobil: 97 66 57 70 Epost: marianne.braten@nissedal.kommune.no Navn: Jorun Marie Johansson Tittel: Styrar - Treungen barnehage Telefon: 35048477 Epost: jorun.johansson@nissedal.kommune.no Navn: Natalie Z. Bråthen Tittel: Styrar - Felle og Fjone barnehage Mobil: 928 74 006 Epost: natalie.brathen@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar