Lovas føremål er å beskytte liv, helse, miljø, materielle verdiar og kritisk infrastruktur ved bruk av ikkje-militær makt når riket er i krig, når krig trugar, når rikets sjølvstende eller tryggleik er i fare, og ved uønska hendingar i fredstid.
Førebygging er vår viktigaste oppgåve når det gjeld hendingar som trugar sentrale samfunnsinstitusjonar, vår felles tryggleik eller den enkelte sin tryggleikskjensle. Kommunal beredskap handlar om å trygge innbyggarane gjennom godt planverk og praktiske tiltak.
Beredskapsarbeidet bygger på fire grunnleggande prinsipp
Ansvarsprinsippet:
Den organisasjon som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, har også ansvaret for nødvendige beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar på området.
Likskapsprinsippet:
Den organisasjon ein opererer med under kriser, skal i utgangspunktet vere mest mogleg lik den organisasjon ein har til dagleg.
Nærleiksprinsippet:
Kriser skal organisatorisk handterast på lågast mogleg nivå.
Samvirkeprinsippet:
Styresmakter, verksemder og einingar har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med førebygging, beredskap og krisehandtering.
Beredskapsplanar
For å kunne handtere desse oppgåvene effektivt har Nissedal kommune utarbeida beredskapsplanar. Dette er både overordna plan og detaljplanar. Beredskapsplanane er bygd på informasjon som er avdekka gjennom kommunen sin heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalyse.
Kriseleiing
Når større ulukker eller kriser oppstår i Nissedal kommune er det kommunedirektøren som er leiar av den kommunale kriseleiinga. Kommunedirektøren vil då vurdere å omprioritere dei kommunale ressursane, og å setja i verk dei tiltaka som er nødvendige for handtere situasjonen. Dette arbeidet blir gjort i samarbeid med naudetatane, der politiet har ansvaret for å koordinere arbeidet med å ivareta liv og helse, og kommunen tilsvarande for miljø, kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar.
Ved behov for evakuering kan politiet pålegge kommunen å oppretta eit evakuerings- og pårørandesenter (EPS).
Kriseleiinga består av:
- Kommunedirektør Sverre Sæter
- Ordførar Ian Parry-Jones
- Beredskapskoordinator Wenche Grønås
- Næringssjef Olav Kiland
- Kommuneoverlege Andreas Myklebust
- Einingsleiar for teknisk Ben David Berås