Nissedal kommune har ein desentralisert skulestruktur med barnetrinn i Kyrkjebygda og i Treungen.
Ungdomsskulen er felles og ligg i Treungen. Kyrkjebygda skule er to-delt 1-7 skule, medan Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er ein fulldelt 1-10 skule.

Kvar skule er leia av ein rektor. Einingsleiar for skule er skulefagleg ansvarleg.

Tenesteinnhald, satsingsområde og utviklingsarbeid vert utarbeidd gjennom jamlege felles rektormøte. Kvar skule sin årsplan skal bygge på dei felles satsingsområde

Eining for skule omfattar grunnskule, SFO og vaksenopplæring. Eininga samarbeider tverrfagleg med helsestasjon, barnehage, flyktningtenesta, kultur og Vest-Telemark PPT.

Kommuneplanen sine mål

Grunnskulen gir alle elevane eit godt og trygt lærings- og oppvekstmiljø, der ein i undervisninga tek omsyn til den einskilde elev sine føresetnader og har høge forventningar til alle elevane sine læringsresultat. Skulen skal i første rekkje vere ein opplæringsinstitusjon der undervisninga byggjer på Opplæringslova med forskrifter og læreplanverket for Kunnskapsløftet.

  • Alle elevar har eit godt og inkluderande læringsmiljø. Med læringsmiljø meiner ein dei samla kulturelle, relasjonelle og fysiske forholda på skulen som har betydning for elevane si læring, helse og trivsel.
  • Opplæringa skal ha tilpassa opplæring i felleskapet og tidleg innsats som to av dei viktigaste verkemidla for å syte for at alle elevane utviklar sitt fulle potensial.
  • Skulen skal drive systematisk og målretta trening i dei fem grunnleggande dugleikane; lesing, skriving, rekning, munnleg tale og bruk av digitale verktøy.
  • Skulen skal ha høge forventningar til kvar einskild elev sine resultat og prestasjonar.
  • Kvaliteten på skulen, både når det gjeld undervisning, materiell og bygningar skal liggje over gjennomsnittet for landet.
  • Opplæringslova pålegg kontinuerleg utviklingsarbeid i skulen. Målet med utviklingsarbeidet i Nissedalskulen skal vere å endre og utvikle læraren sin praksis i klasserommet slik at elevane oppnår eit så godt læringsutbytte som mogleg.
  • Nissedalskulen skal samarbeide godt med Vest-Telemark PPT til det beste for elevane sitt læringsresultat, både på system- og individnivå.
  • Elevane får kunnskap om lokal kultur, tradisjon og næringsliv slik at dei får lyst til å busetje seg i kommunen.
  • Nissedalskulen skal samarbeide godt med barnehage, kultur, helsetenester, barnevern, politi og andre institusjonar.
  • Skulefritidstilbodet skal vere kjenneteikna av å understøtte skulen sitt arbeid med elevane si faglege, personlege og sosiale utvikling.
  • Nissedal kommunale vaksenopplæring skal syte for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for fleirspråklege etter introduksjonsloven.
  • Vaksne utan fullført grunnskuleutdanning skal få opplæring slik at dei kan ta grunnskuleeksamen