Vedtekne betalingssatsar

Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Maksprisen blir fastsatt av Stortinget, men kommunestyret kan tilby lågare pris enn maksprisen.
Det kan bli endringar i satsane i løpet av eit barnehageår.

Syskenmoderasjon på SFO og/eller barnehage

Dersom ein SFO-elev eller eit barnehagebarn har sysken som går i barnehage og/eller SFO vil det automatisk føre til prisreduksjon (syskenmoderasjon). Reduksjonen for det andre barnet er 30%, og for det tredje barnet og oppover er 50%. Reduksjonen gjeld uavhengig om barnet er på SFO eller i barnehage.
Du treng ikkje å søkje om syskenmoderasjon. Vi har oversikt i vårt datasystem for å kunne fakturere med prisreduksjon for sysken. Ved kombinasjon av barn i både SFO og barnehage, vil moderasjon alltid byrje i barnehage.

Eksempel kombinasjon barnehage og SFO:
Full pris for barn 1 i barnehage.
30% moderasjon for barn nr. 2 i SFO eller barnehage.
Vidare 50% moderasjon for andre sysken.

 

 

Redusert foreldrebetaling

Foreldre kan søkje redusert foreldrebetaling dersom familen samla har ei skattepliktig inntekt under kr 541.500,-.

3, 4 og 5 åringar har rett på 20 timar gratis kjernetid dersom ein familien har ei samla skattbar inntekt under kr. 533.500,-. 

Vi har følgjande ordning for familiar med låg inntekstkjelde

Samla inntekt på under 3G gjeld følgjande takstar:

  • - 5 dagar: Kr 400,-
  • - 4 dagar: Kr 310,-
  • - 3 dagar: Kr 235,-
  • - 2 dagar: Kr 177,-

Søknad - redusert foreldebetaling og kjernetid

Ein søkjer for eitt år om gongen. Føresette som har vedtak på redusert betaling for inneverande år, må søkje på nytt for neste barnehageår.
Søknaden må innehalde dokumentasjon på familiens samla skattepliktig inntekt.

Føresette dette gjeld kan ta kontakt med einingsleiar for barnehage for nærare informasjon.

Matpengar

Matpengar kjem i tillegg og er rekna ut etter sjølvkostprinsippet. 

Kostnad pr. mnd:

  • 5 dagar i veka: Kr 400,-
  • 4 dagar i veka: Kr 320,-
  • 3 dagar i veka: Kr 240,-
  • 2 dagar i veka: Kr 160,-

Betaling - Faktura

Foreldrebetalinga blir ordna slik at kommunen ein gong pr. mnd. sender faktura til heimane.
Med bakgrunn i lækjarattest blir det ikkje kravd betaling for barn som grunna sjukdom har vore borte frå barnehagen samanhengande meir enn 1 mnd. 

Innbetalingsfrist - den 20. kvar månad